«Kompetanse for framtida»

Eksamen vurdering

EKSAMENSMELDINGAR, EKSAMENSPLAN, SENSUR OG KLAGE, KARAKTERSYSTEM


Oppmelding til eksamen
Desentralisert eksamensavvikling
Avmelding fra eksamen
Trekk under eksamen
Eksamensplan
Sitat- og kjeldebruk
Innlevering av eksamenssvar
Innlevering av eksamenssvar i Inspera
Innstruks for innlevering av masteroppgåver
Digital eksamen på skulen sine datarom
Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin
Tilrettelegging
Karaktersystem
Ofte stilte spørsmål om eksamen (FAQ)
Regelverk knytt til eksamen
Sensur, grunngjeving og klage

Viktig og nyttig informasjon om eksamen Her finn du viktig og nyttig informasjon som gjeld oppmelding til og gjennomføring av dine eksamenar ved Høgskulen i Volda. Vi bed deg vere særskilt merksam på fristane som gjeld i samband med eksamen. Det er du sjølv som er ansvarleg for å fylgje opp desse fristane. Her vil du også finne skjema for oppmelding til ny/utsett eksamen, grunngjeving av eksamenskarakter, klage på eksamenskarakter, framside til eksamensarbeid, obligatorisk eigenmelding om kjelde- og sitatbruk m.m.

Eksamensdatoar og eksamensrom Eksamensdatoane og eksamensrom for skriftlege skuleeksamenar vert kunngjorde i Studentweb.

For spørsmål om eksamen, ta gjerne kontakt med Studentsørvis på tlf. 70075018 eller studentsorvis@hivolda.no

 

OPPMELDING TIL EKSAMEN

Oppmelding til ordinær eksamen

Oppmelding til ordinær eksamen skjer normalt i Studentweb.  Du semesterregistrerer deg ved å legge til emne, undervisningsmelding, vurderingsmelding og til slutt godkjenner utdanningsplan. Fristane går fram av "Kalendar for studieåret".

Oppmelding til utsett og ny eksamen
Oppmelding til utsett og ny eksamen kan ikkje gjerast i Studentweb, men skal i staden gjerast på skjemaet du finn nedanfor. Skriv ut skjemaet, fyll det ut og send det til Studentsørvis (adressa står på skjemaet). Frist for oppmelding går fram av skjemaet og av Kalendar for studieåret

Oppmelding til ny og utsett eksamen 

Oppmelding til privatisteksamen
Privatistar må bruke eige skjema for å melde seg til eksamen. Dette gjeld berre studentar som ikkje har studierett på det studieprogrammet eksamenen høyrer til. Ver merksam på at det er knytt gebyr til avviklinga av privatisteksamen. For meir informasjon, ta kontakt med oss på Studentsørvis studentsorvis@hivolda.no eller tlf. 70075018.

 

DESENTRALISERT EKSAMENSAVVIKLING

Kven kan søkje?
Studentar som i semesteret bur slik at dei har lenger enn 3 timars reiseveg til Volda, kan søkje om desentralisert gjennomføring av skriftlege skuleeksamenar.

Slik eksamensavvikling skal skje anten på høgskule, universitet eller vidaregåande skule i Norge. Høgskulen i Volda utfører ikkje desentralisert eksamensavvikling i utlandet.

Studentar som får innvilga bruk av PC ved eksamen, må avlegge eksamen i Volda.
For skriftleg skuleeksamen som ordinært vert avvikla med eigen bærbar datamaskin, må ein ved desentralisert avvikling skrive med penn og papir.

Studenten må sjølv gjere avtale med ekstern institusjon. Det skal skrivast kontrakt mellom HVO, studenten og den eksterne institusjonen.

Eksamensavgift
Ved desentralisert eksamen må studenten betale ei eksamensavgift på kr. 1500,- pr eksamen. Dette kjem i tillegg til ordinær semesteravgift.

Frist for å søkje desentralisert eksamen er:
Haustsemesteret

1. september for kontinuasjonseksamen og 1. oktober for ordinære eksamenar
Vårsemesteret
15. januar for kontinuasjonseksamen og 15. februar for ordinære eksamenar

SØKNADSSKJEMA finn du her

Retningslinjer for desentralisert eksamensavvikling finn du her.

Meir informasjon
For meir informasjon om desentralisert eksamen, ta kontakt med Studentsørvis på studentsorvis@hivolda.no eller tlf. 70 07 50 18.

 

AVMELDING FRÅ EKSAMEN

Frist
Du kan melde deg av eksamen inntil 14 dagar før den enkelte eksamensdel startar.

Du melder deg av eksamen i Studentweb . Har du ikkje høve til å bruke Studentweb finn du Skjema for eksamensavmelding her (Pdf)*.

Eksamensforsøk
Dersom du melder deg av ein eksamen innan avmeldingsfristen, nytter du ikkje eit av dei tre forsøka du har på å ta eksamen i emnet. Ver merksam på at avmelding gir ikkje automatisk rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen).

Rett til ny eksamen (kontinuasjon)
Avmelding før frist, trekk under eksamen og ikkje møtt/ikkje levert gir ulik rett til ny eksamen i påfylgjande semester. Meir informasjon finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kap. 5,  § 5-2.

 

TREKK UNDER EKSAMEN

Avmelding eller trekk etter fristen vert registrert som eitt forsøk. Trekk etter fristen og fram til eksamensdagen vert rekna som trekk under eksamen. Ved manglande avmelding/trekk under eksamen, vert det registrert ikkje møtt/ikkje levert.

  
EKSAMENSPLAN


Her ved Høgskulen i Volda vert eksamensplanen kunngjort i føregåande semester. Eksamensdatoane vert kunngjorde i Studentweb og på høgskulen sine nettsider. Det er den einskilde student sitt ansvar å sjekke datoane for dei emna ein melder seg til, og sørge for at det ikkje blir eksamenskollisjonar.

I forkant av kvart studieår vert det vedtatt ein Kalender for studieåret som gir oversikt over viktige fristar og datoar i det komande studieåret. Denne vert kunngjort på Høgskulen i Volda (HVO) sine nettsider.

I denne kalendaren finn ein m.a. opplysningar om eksamensperiodane ved Høgskulen i Volda, og som student må ein rekne med at eksamen vert lagt innanfor desse periodane.

Opne eksamensplan i nettlesar Google Chrome.
EKSAMENSPLAN FOR KONTINUASJONSEMNE VÅREN 2017
EKSAMENSPLAN FOR ORDINÆRE EMNER VÅREN 2017
EKSAMENSPLAN FOR ORDINÆRE EMNER HAUSTEN 2017

Kontinuasjonseksamenar avviklast i veke 40 og veke 10 studieåret. Det kan forekome unntak. Les din eksamensdato i Studentweb.

Romplassering
Romplassering for skriftlege eksamenar våren 2017
NB! Romplassering gjeld berre fagleg tilsette, studentane skal sjekke sitt eksamensrom  i Studentweb.

SITAT- OG KJELDEBRUK 

Alle studentar som leverer skriftlege eksamensarbeid eller elektronisk innleverte oppgåver pliktar å setje seg inn i regelverket om kjelde- og sitatbruk. Lovlege hjelpemiddel og rett kjeldebruk er omtala i § 5-8 i Forskrift om opptak, studium og eksamen.

Ved eksamen utan tilsyn skal arbeidet
- ikkje ha vore brukt ved ein annan eksamen ved Høgskulen i Volda
- ikkje ha vore brukt til eksamen ved andre institusjonar innanlands eller utanlands
- ikkje referere til eller vere basert på andre sitt arbeid utan at det vert oppgjeve
- ikkje referere til eller vere basert på eige tidlegare arbeid utan at det vert oppgjeve

Kopiering, tekstnær parafrasering eller avskriving utan kjeldetilvising vert rekna som fusk. Fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk ved eksamen, arbeidskrav eller andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen, kan føre til reaksjonar, jf. UH-lova § 4-7 og § 4-8, 3. ledd.

Ved mistanke om fusk skal studiedirektøren varslast og studenten/-ane vil verte kalla inn til samtale. Studiedirektøren er ansvarleg for sakshandsaminga i saker om fusk. Klagenemda  ved Høgskulen i Volda avgjer saker om fusk. Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-10. Fusk og forsøk på fusk.



INNLEVERING AV EKSAMENSARBEID

I arbeidet med eksamensarbeid som enten skal leverast på papir eller i Fronter,  gjeld dei generelle reglane for vitskapleg arbeid. Vi viser difor til biblioteket sine nettsider, og ber dykk vere spesielt merksame på Retningslinjer for kjelde og litteraturbruk ved Høgskulen i Volda og APA-stilen.

Generell innleveringsfrist
Frist for innlevering av andre eksamensarbeid enn skriftlege skuleeksamenar er kl. 14.00 på eksamensdagen, dersom ikkje anna er opplyst i Studentweb. Fristen er absolutt. Ved sending av eksamenssvar pr. post skal postfunksjonær kvittere for innleveringstidspunktet på konvolutten.

Eksamenssvaret skal sendast til:
Høgskulen i Volda
Studentsørvis
Pb. 500
6101 Volda

Eksamenssvar på papir
Eksamenssvar som leverast på papir skal vere i to eksemplar til Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.

Eksamensarbeidet skal ha ei standardisert framside:
Framside til eksamensarbeid i  pdf-format PDF doc-format Wordfil  odt-format        
Front page Exam Paper: Pdf-filePDF  docx-fileWordfil   odt-file 
Korleis justere marg i Word og OpenOffice les du meir om her. 

Hustrykkeriet i Berte Kanutte-huset kan kopiere/trykke eksamenssvar. For nærare informasjon sjå her.

Kandidatnummeret
ditt finn du ved å logge på Studentweb. Kandidatnummeret er synleg i Studentweb omlag 14 dagar før innleveringsfristen (eksamensdatoen).

Eksamensarbeid på CD og minnepenn
I nokre tilfelle skal eksamenssvar leverast på CD og minnepenn. Desse eksamensarbeida  skal også leverast i 2 eksemplar til Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Standard etikettar til CD får ein ved å vende seg til Studentsørvis.

Eksamensarbeid i Fronter
For innleveringar i Fronter gjeld eigne retningslinjer

Avlevering til biblioteket (gjeld bachelor- og mastergradsoppgåver):
Den som ikkje har reservert seg mot avlevering av oppgåve til biblioteket skal levere eit ekstra eksemplar for bibliotekbruk. Dette 3. eksemplaret kan trykkast og bindast kostnadsfritt på høgskulen sitt hustrykkeri i Berte Kanutte-huset. Berre oppgåver med karakter C til og med A vert tekne inn i samlingane.

 

INNLEVERING AV EKSAMENSARBEID I INSPERA

Innlevering av eksamensarbeid, til dømes oppgåve, mappe- og heimeeksamen, i Inspera skal skje her: https://hivolda.inspera.no/

Du loggar på Inspera med Feide-kontoen din, dette er same brukarnamn og passord som du nyttar til Fronter og Studentweb.

Ved mappeeksamen og oppgåve opnar Inspera for innlevering ei veke før innleveringsfristen, sjå dato i Studentweb. Ved heimeeksamen opnar eksamenen i Inspera første eksamensdag (dato for utlegg i Studentweb). Eksamenssvaret skriv du i Word. Når dokumentet er heilt ferdig, så lagrar du det ved å velje filtype Pdf. Dokumentet er no klart til levering og det skal normalt leverast som Pdf-fil, så framt ikkje anna er spesifisert i emneplan eller utsend eksamensinformasjon. Fila du har lasta opp vert automatisk lagra når fristen går ut.

Instruks på korleis du skal laste opp fil i Inspera finn du her: Nynorsk og Bokmål.

Ved innlevering og eksamen i Inspera gjeld same reglar for sitat- og kjeldebruk som ved andre innleveringer og eksamenar ved høgskulen. Les meir om dette i avsnitt om sitat- og kjeldebruk her. Vi nyttar plagiatkontroll på alle digitale innleveringar og eksamenar ved Høgskulen i Volda.

Alle tekniske forhold ved eksamensavviklinga, slik som til dømes svikt i studenten sitt tekniske utstyr eller ustabil/manglande tilgang til Internett, er studenten sitt ansvar. Forhold som har ført til forseinkingar i eksamensavviklinga og som kan dokumenterast, kan gi grunnlag for utsetjing av fristen. Studieadministrasjonen er ansvarleg for handsaminga av slike søknadar.

Om du ønskjer å teste Inspera før du skal ha eksamen, kan du ta Demo hjemmeeksamen her: https://hivolda.inspera.no/

Har du spørsmål, eller skulle du få problem under eksamen, ta kontakt med Studentsørvis på telefon: 70075018 eller e-post: studentsorvis@hivolda.no

INSTRUKS FOR INNLEVERING AV MASTEROPPGÅVER

Samtykke til publisering
Ved innlevering av bachelor- og masteroppgåver må du velje om du vil gjere oppgåva tilgjengeleg for publisering i BRAVO. Skjema for samtykke finn du her.

Form og innhald
Informasjon om form og innhald er å finne i studie-/emneplan og Fronter.

Framsida skal lastast ned frå Høgskulen i Volda sine nettsider.
Framside til masteroppgåve 
Framside til masteroppgåve   

Samandrag
Masteroppgåva skal inkludere eit samandrag på om lag 200-400 ord. Samandraget skal vere både på engelsk og norsk, og skal plasserast først i oppgåva (bak framsida).

Tittel på oppgåva
Tittel skal du skrive inn i studentweb før fristen for innlevering går ut. Når du loggar på studentweb får du opp Komande hendelsar med opplista emnekode/-er. Registrer tittel ved å trykke på "blyanten" som kjem fram til høyre for emnekoda. Tittel må skrivast inn både på engelsk og norsk. Tittel kjem på karakterutskrift, vitnemål og i biblioteket sitt BRAVO system.
Korleis registrere tittel på masteroppgåva i Studentweb

Start leveringa
Last ned framsida til masteroppgåva. Det er mest lettvint å legge denne som første side i masteroppgåva før ein tek til å skrive. På side 2 i dokumentet må du sjekke at marg er etter standard.
Korleis justere marg i Word og OpenOffice 

Når masteroppgåva er ferdig skriven, lagrar du den som Pdf-fil (velg "Lagre som" i Word/Open Office). Gjer deg viss på kor på datamaskina du har lagra fila/filene du skal levere. Vi tilrår at du skriv ut ein kopi (vel einsidig kopi) av Pdf-fila før du leverer oppgåva i Fronter for å sikre at lay-out'en er som du ønskjer. Etter at du har lasta opp fila må du sjekke at storleiken på fila er lik storleiken på fila du har lagra på din eigen PC.

Start leveringa i god tid før fristen. Masteroppgåva skal leverast elektronisk som Pdf-fil i Fronter den aktuelle datoen, innan kl. 14:00.

Gruppeoppgåve? Alle som har skrive oppgåva saman med nokre andre, må levere oppgåva kvar for seg i Fronter.

Oppgåva skal leverast i Fronterrommet "Innleveringsromet, HVO", dette finn du i romlista i Fronter.

Du er no klar til å starte innleveringsprosessen, der du tek stilling til om oppgåva di skal publiserast eller ei.

Prosedyre
1.    Les teksten:
Høgskulen i Volda ønskjer å publisere masteroppgåver i høgskulen sitt elektroniske publiseringsarkiv, BRAVO.
Oppgåver med karakterane A til og med C vert publisert og kan ikkje vere konfidensiell/unnateke offentligheit.
Høgskulebiblioteket publiserar oppgåvene, dersom forfattar(du) godtek det.
Publiserte oppgåver kan ikkje endrast, men kan trekkast tilbake. Forfattar har opphavsrett til oppgåva, jf Åndsverkloven §2.
2.    På spørsmål om du godtek å publisere masteroppgåva di; vel å markere svarfelt "Ja" eller "Nei"
3.    Trykk på "Send svar"
4.    Gå til innleveringsmappa.
Du får her ei stadfesting av ditt val; at du anten har akseptert publisering eller at du ikkje har akseptert. Klikk på lenkja "Klikk her for å kome til innleveringsmappa" for å kome vidare. Du skal her ha tilgang til ei mappe og klikkar på den for å kome inn der du skal laste opp oppgåva.
5.    Last opp oppgåva di. Klikk på"last opp fil" knappen som du finn til høgre for "Lever svaret ditt:"

Studieadministrasjonen sender Pdf-versjonen av masteroppgåva til hustrykkeriet ved HVO. Hustrykkeriet ved Høgskulen i Volda trykker oppgåva for studentane, og tek også kostnaden for dei kopiar høgskulen treng. Er det ønskje om ekstra kopiar til privat bruk, må studenten sjølv bestille og betale for dette.

Masterstudium i undervising og læring må følgje prosedyre for innlevering i eiga utvida retningsline.
Utvida retningsline for innlevering av masteroppgåve for studentar på studiet Master i undervisning og læring      

 

DIGITAL EKSAMEN PÅ SKULEN SINE DATAROM

Før eksamensdagen
Sjekk i studentweb kandidatnummeret ditt og kva for datalab/rom eksamen skal
gjennomførast ved. Du må hugse ditt brukarnamn og passord.

Eksamensdagen
-  Møt fram til lokalet kl. 08:30, og ta med gyldig legitimasjon.
-  Du får tilvist plass i lokalet med namnelapp.
-  Start Pc'en etter gitt instruks som du finn liggande ved din tildelte plass.
-  Eksamen startar til oppsett tid og eksamensreglementet er gjeldande også for digital
   eksamen.
-  Opplysningar om kva hjelpemiddel som er tillate under eksamen blir gitt av hovudvakta. 
   Dersom det skal nyttast papir/kladdark under eksamen, så vert det delt ut av
   eksamensvakta. Informasjon om dette er også gitt i forkant av eksamen av
   emneansvarleg.
-  Du plikter å rette deg etter anvising gitt av hovudvakta i eksamenslokalet.
-  Skulle det oppstå tekninske problem under digital eksamen må du straks påkalle
   eksamensvakt, som påkallar it-teknisk hjelp. Unnlater du å påkalle eksamensvakt når du
   oppdagar tekniske problem, kan dette verte handtert som fusk eller forsøk på fusk.
-  Viktig: Ta kontakt med eksamensvakta når du er klar til å levere eksamenssvaret ditt. 
   Eksamensvakta skal sjekke at svaret blir levert; kvitteringsmelding kjem opp på
   skjermen. Før du forlet eksamenslokalet skal du kvittere på papirliste at du har levert.


DIGITAL EKSAMEN MED EIGEN BÆRBAR DATAMASKIN Bring Your Own Device (BYOD)

Digital eksamen med Bring Your Own Device (BYOD) går ut på at du tek med eigen bærbar datamaskin som du gjennomfører eksamen på. Du må installere ein nettlesar på maskina di; Safe Exam Browser (SEB). Denne nettlesaren låser maskina di under eksamen slik at du berre har tilgang til eksamenssystemet.

Krav til maskinvare
Maskina må ha eit fungerande trådlaus nettverkskort og du må ta med strømkabel. Maskina må vere i stand til å køyre uavbrote under heile eksamenstida. Det er lov å ta med mus og tastatur, men det kan ikkje vere trådlaust. Dei som ikkje har ei fungerande datamaskin må pårekne seg å skrive for hand. Det gjeld også dei som gløymer å ta med bærbar datamaskin på eksamensdagen.

Før eksamensdagen
Eit par veker før du møter til eksamen må du sørge for følgjande:
- At maskina di fungerer som den skal. Dersom du mistenkjer at noko er gale med den, kan du ta den med til IT-hjelp så kan dei sjå over den.
- At du har installert Safe Exam Browser (SEB). Følg denne oppskrifta. NB: merk at SEB stiller krav til operativsystemet ditt. Eldre maskiner kan kanskje ikkje køyre den, dette finn du ut under installasjonen. Orakeltenesta kan hjelpe dersom du får problem.
- At du har gjennomført demoeksamen. Sjå instruksjonsvideo. Logg på med Feide kontoen din på denne sida: https://hivolda.inspera.no/. Dersom du klarer å gjennomføre demoeksamen, kan du vere trygg på at maskina di er klar til bruk på eksamensdagen.

Eksamensdagen
- Ta med datamaskin og strømkabel til eksamen.
- Ta med ørepropper om du har behov for det.
- Møt opp seinast 30 minutt før start.
- Finn plassen din og koble datamaskina di til strøm.
- Ta ein omstart dersom maskina er i dvalemodus.
- Knytt maskina til trådlausnettet og start SEB.
- Logg på med Feide kontoen din. Sjå instruks som ligg på kvart bord. Eksamensvaktene
  kjem rundt og tastar inn dagspassord/PIN kode like før eksamen skal starte.

Du leverer eksamenssvaret ditt inne i systemet, det skal ikkje skrivast ut. Dei som treng kladdepapir får det med eksamensvaktene. Når eksamenstida er over, låsast eksamenssvaret ditt automatisk og du blir sendt til innleveringssida. Eksamenssvaret er tilgjengeleg for deg under 'Arkiv' fana inne i systemet etter at svaret er levert.

Behov for tilrettelegging
Studentar som har fått innvilga tilrettelegging ved eksamen med retteprogram eller LingDys må sitje på skulen sine datarom.



TILRETTELEGGING AV EKSAMEN


Treng du særskild  tilrettelegging for å kunne gjennomføre eksamen, må du søkje om dette. Dette vert vurdert ut frå dokumentert behov, og innvilga så langt som råd. Tilrettelegginga skal ikkje senke faglege krav eller gje fordelar, berre kompensere for ulemper.

Døme på aktuelle særordningar er bruk av PC, hjelpemiddel (t.d. LingDys), utvida tid og eige rom. Grunna press på bruk av rom i eksamenstida, så er det atterhald om kor vidt ein etter søknad kan få tildelt eige rom ved eksamensavvikling.

Søknadsfrist:
15. februar for vårsemesteret
1. oktober for haustsemesteret

Om du vert akutt sjuk eller skada kan du likevel få innvilga tilrettelegging etter at fristen er ute så langt det let seg gjere.

Send skjema til Høgskulen i Volda, v/Studentsørvis saman med attestasjon frå sakkunnig (td. legeattest).

 

KARAKTERSYSTEMET

Generelle, kvalitative beskrivelser

Nynorsk

Symbol

Nemning

Generell,   ikkje fagspesifikk omtale av vurderingskriterium

A

framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god   vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B

mykje god

Mykje god prestasjon.   Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

C

god

Jamt god prestasjon som   er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god   vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

D

nokså god

Akseptabel prestasjon med   nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og   sjølvstende.

E

tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir.   Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

F

ikkje greidd

Prestasjon som ikkje   tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både   manglande vurderingsevne og sjølvstende.


Bokmål

Symbol

Betegnelse

Generell, ikke fagspesifikk beskrivelse av vurderingskriterier

A

fremragende

Fremragende prestasjon som klart utmerker seg. Kandidaten viser svært god   vurderingsevne og stor grad av selvstendighet.

B

meget god

Meget god prestasjon. Kandidaten viser meget god vurderingsevne og   selvstendighet.

C

god

Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder.   Kandidaten viser god vurderingsevne og selvstendighet på de viktigste   områdene.

D

nokså god

En akseptabel prestasjon med noen vesentlige mangler. Kandidaten viser en   viss grad av vurderingsevne og selvstendighet.

E

tilstrekkelig

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskravene, men heller ikke mer.   Kandidaten viser liten vurderingsevne og selvstendighet.

F

ikke bestått

Prestasjon som ikke tilfredsstiller de faglige minimumskravene. Kandidaten   viser både manglende vurderingsevne og selvstendighet.


Engelsk

Symbol

Description

General,   qualitative description of valuation criteria

A

Excellent

An excellent performance,   clearly outstanding. The candidate demonstrates excellent judgement and a   high degree of independent thinking.

B

Very good

A very good performance.   The candidate demonstrates sound judgement and a very good degree of   independent thinking.

C

Good

A good performance in   most areas. The candidate demonstrates a reasonable degree of judgement and   independent thinking in the most important areas.

D

Satisfactory

A satisfactory   performance, but with significant shortcomings. The candidate demonstrates a   limited degree of judgement and independent thinking.

E

Sufficient

A performance that meets   the minimum criteria, but no more. The candidate demonstrates a very limited   degree of judgement and independent thinking.

F

Fail

A performance that does   not meet the minimum academic criteria. The candidate demonstrates an absence   of both judgement and independent thinking.


Stått/ikkje stått:
"Skillet mellom bestått karakter og ikke bestått skal beskrives som absolutte krav. Kriterier for bestått karakter skal gjenspeile faglig mestring i emnet, tilpasset det aktuelle studienivå. Kravene til bestått skal ikke gjøres avhengig av endringer i studentenes forutsetninger for å gjennomføre emnet.

Grensen mellom bestått og ikke bestått kan settes høyere enn grensen mellom E og F der en kun benytter uttrykkene bestått/ikke bestått og ikke den graderte skalaen." (Utdrag av brev frå UFD av 10.05.04.)

 

OFTE STILTE SPØRSMÅL OM EKSAMEN (FAQ)

Før eksamen

- Kvar finn eg kandidatnummer? Kandidatnummeret finn du i Studentweb. 

- Kvar finn eg dato for eksamen? Dato finn du i Studentweb eller på hivolda.no/eksamen

- Er eg oppmeld til eksamen? Du kan sjekke om du er oppmeld til eksamen i Studentweb.

- Korleis melder eg meg opp til eksamen? Du vert automatisk meldt opp til eksamen på emne som ligg i din utdanningsplan når du semesterregistrer deg. Om du legg til emne sjølv, melder du deg sjølv opp til eksamen i same prosessen.

- Kan eg melde meg av eksamen? Ja, du kan sjølv melde deg av eksamen inntil 14 dagar før eksamensdato. Dette gjer du i Studentweb. 

Skriftleg eksamen

- Kvar finn eg kva rom eg skal ha eksamen på?
Eksamensrommet finn du i Studentweb.

- Når må eg møte opp? Alle studentar må møte opp seinast eit kvarter før eksamensstart. Etter kl 09.00 vert du avvist. Ved digital eksamen må du møte opp seinast ein halvtime før.

- Kva hjelpemiddel er lov å bruke på eksamen? Kva hjelpemiddel som er lov å bruke på eksamen vil til ei kvar tid stå i emneplanen og i oppgåveteksta.

 - Kva kan eg gjere dersom eg vert sjuk eksamensdagen? Du må kontakte lege, slik at du får legeerklæring. Denne må du levere/sende pr post til Studentsørvis seinast dagen etter eksamen, slik at vi kan registrere gyldig fråvær på denne eksamenen. Les meir her: hivolda.no/eksamen

Desentralisert eksamen

- Eg bur ikkje i Volda, kan eg ta eksamen ein annan stad?
Ja, du kan søke om å få ta eksamen ein annan stad i Norge. Sjå retningsliner her.

Munnleg eksamen
- Kvar finn eg dato for munnleg eksamen?
Tidsrommet for munnleg eksamen finn du i Studentweb. Nærare dato og klokkeslett vil du etter kvart få frå fagmiljøet, mest truleg i Fronter.

Eksamen i Fronter
- Korleis kan eg sjå at eg har levert eksamensoppgåva i Fronter?
Du vil ikkje få stadfesting på at du har levert, men du kan sjå at fila ligg der og at filstorleiken samsvarar med det du har produsert.

 - Eg finn ikkje eksamenssvaret mitt i Fronter? Dersom fristen ikkje har gått ut, har du ikkje fått levert eller du har levert på feil plass. Etter at fristen for innlevering er ute, kan du ikkje lenger sjå svaret ditt. 
- Kvar skal eg levere oppgåva mi?
Du skal levere oppgåva i eksamensmappa.

Sensur og resultat

- Kva er sensurfristen på min eksamen?
Sensurfristen er 15 virkedagar etter eksamensdato. Du finn sensurfristen i Studentweb. .

 - Sensuren er forsinka, kvifor? Vi legg ut sensuren så fort vi mottek den frå sensorane. Forseinkinga kan skuldast postgang, sjukdom eller liknande. Dersom vi får melding om at sensuren er forsinka, legg vi ut melding i Studentweb.

- Korleis melder eg meg opp til ein eksamen eg har tatt før? Du finn oppmeldingsskjema her.

- Korleis ber eg om grunngjeving? Du søker om grunngjeving her.

 - Kva er fristen for å klage på eksamenskarakter? Fristen er tre veker etter at sensuren er publisert i Studentweb.

- Kan eg sende inn klage og grunngjeving samtidig? Ja, du treng ikkje vente på svar frå grunngjevinga før du sender inn klagen.

 - Kan eg gå ned i karakter dersom eg klagar? Ja, det er karakteren på klagesensuren som vert gjeldande.

 

REGELVERK KNYTT TIL EKSAMEN 

 

SENSUR, GRUNNGJEVING OG KLAGE

Kunngjering av sensur
Sensur vert normalt kunngjort i Studentweb, og sensurfristen er 3 veker etter eksamen.
I periodar med mange heilagdagar, er sensurfristen sett til 15 virkedagar. Jf. Midlertidig forskrift om sensurfrist (virkningstid: 01.01.2015 - 31.12.2016).

Grunngjeving
Den som har avlagt eksamen har rett til å få grunngjeving for karakterfastsetjinga av eigen prestasjon. (jf. UH-lova § 5-3 Klage over karakterfastsetting – rett til grunngjeving).

Krav om grunngjeving må framsetjast innan ei veke frå kandidaten fekk kjennskap til karakteren, (dvs. frå det tidspunktet karakteren er kunngjort i Studentweb).

Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske kunnskapar, må krav om grunngjeving framsetjast med ein gong karakteren er kunngjort.

Sensor sjølv avgjer om grunngjevinga skal gjevast skriftleg eller munnleg. Vi gjer merksam på at namnet ditt vil verte gitt til sensor, når du søkjer grunngjeving.

Søk om grunngjeving for eksamenskarakter her. 

Klage
Fristen for å klage på ein eksamenskarakter er 3 veker etter at sensuren er kunngjort. Dersom ein har bede om grunngjeving for ein karakter er klagefristen 3 veker etter at ein mottar grunngjevinga.

Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege/praktiske eksamenar. 

Utfyllande informasjon om klagereglement finn du i Universitets- og høgskulelova, i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, og retningslinjer for grunngjevingar og klage.

Skjema for klage finn du her. 


RETNINGSLINER FOR EKSAMENSKANDIDATAR OG GJENNOMFØRING AV EKSAMEN