Hopp til innhald Hopp til meny Hopp til søkjefelt

 

Kontakt

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11,
6101 Volda

Postmottak@hivolda.no
Til kontaktsider

 

 

Finn eit
studium
Pil til 
søkefelt

 

 

Slik søker du om studieplass ved Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har ulike opptak for dei ulike studieprogramma våre. Nedanfor har vi lista opp namn på desse opptaka og kva studium som ligg i dei ulike opptaka.

SAMORDNA OPPTAK 

I Samordna Opptak kan du søke på bachelorgradene og årsstudia våre.

Ordinær søknadsfrist er 15. april. I årets samordna opptak er det obligatorisk for alle søkjarar med norsk fødselsnummer å bruke elektronisk identitet frå MinID for å registrere søknad. Husk at du må skaffe deg PIN-kode frå MinID i god tid før søknadsfristen. Opptaket opnar for søking 1. februar.


LOKALT OPPTAK

I lokalt opptak søker du på nettstudia, vidareutdanningane og deltidsstudia våre. Du søker via vår lokale Søknadsweb. Dei fleste av studia våre i lokalt opptak har løpande opptak medan nokre har søknadsfrist 15. april. Opptaket opnar for søking 1. februar.

Vi har løpande opptak på studium med ledig kapasitet. Dvs at vi gir tilbod til søkarar som er kvalifiserte så lenge vi har ledig plass.


MASTEROPPTAK

I masteropptaket søker du på mastergrader og vidareutanningar på mastergradsnivå. Du søker vi vår lokale Søknadsweb. Ordinær søknadsfrist er 1. mars/15. april. Opptaket opnar for søking 1. februar.

 Vi har løpande opptak på studium med ledig kapasitet. Dvs at vi gir tilbod til søkarar som er kvalifiserte så lenge vi har ledig plass.

 

PPU - OPPTAK

I PPU-opptaket søkar du på våre praktisk pedagogiske utdanningar. Du søker via vår lokale Søknadsweb. Ordinær søknadsfrist er 15. april. Opptaket opnar for søking 1. februar.

 

Sjå oversikt over fristar og prosedyrar for opptaket i venstre kolonne. 


Treng du hjelp kan du kontakte oss på telefon 70075018 eller på e-post sok@hivolda.no

 


Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Per Johan Ramsli 31. januar 2012 kl. 15.47 Publisert med NetEd : Publish