Vonde og vanskelige bilder i media

Vonde bilder i media

Tysdag 29. januar arrangerer Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda miniseminar om vonde og vanskelige bilder i media.

 

Vi får besøk av Associated Press-fotograf Burhan Ozbilici som i 2017 vann pris for verdas beste pressebilde (World Press Photo of the Year) der juryformannen; vår kollega Stuart Franklin reserverte seg på grunn av motivet. Franklin kan diverre ikkje delta på seminaret, men Ozbilici vil snakke om si oppleving og om kva han i dag meiner om valget av det som vart vinnarbildet. 

Etter pausen vil vi vise ulike døme på scener frå overgrep, katastrofer og terrorhandlingar der media dagleg må ta stilling til kva som kan, bør og må publiserast, og kva som av ulike årsaker bør leggast til side. 

Døme på spørsmål vil vere: Når bør personvernet vike til fordel for bildet sin kommunikative verdi? Når bør presist illustrerande bilder vike av omsyn til menneskelege kjensler? Bør veldig gode bilder stundom veljast vekk av omsyn til kva effekt dei kan ha? Og i kva grad bør du fotografere i situasjonar der ditt eige liv er i fare?

Fotosjef Annemor Larsen i VG, der dei dagleg må ta stilling til slike sprsmål vil også vere her og ta del i debatten, saman med vår eigen professor Svein Brurås og det øvige publikum i salen.

Seminaret er retta mot journalistudentane i Volda men er også ope for andre interesserte.

 

Med helsing Gaute Hareide
Avdeling for Mediefag
Høgskulen i Volda

 

Del på