VoldaKom 2026: Kommunikasjon og oppdrett under press

Det årlege VoldaKom-seminaret tek opp faglege og aktuelle spørsmål rundt kommunikasjon. Mediemiljøet i Volda er ein arena for kritisk og praksisnær samfunnsforståing der studentar, fagmiljøet, tidlegare studentar og praksisfeltet møtest.

VoldaKom

Oppdrettsnæringa er ei omstridd, men viktig næring i Noreg. Samstundes er det ei næring der kommunikasjon speler ei heilt avgjerande rolle i møte med lokal forvaltning, nasjonale styresmakter, verkemiddelapparatet, miljøorganisasjonar, media, forskingsmiljø, lokalsamfunn og opinionen elles.
VoldaKom 2026 set søkelys på kommunikasjon rundt stridsspørsmål i oppdrettsnæringa om korleis ulike aktørar formidlar interesser og verdiar, korleis konfliktar blir definerte og forhandla i offentlegheita, og kva som står på spel for rykte, legitimitet og tillit.


Gjennom ulike innlegg og debatt vil konferansen setje lys på korleis kommunikasjon både skaper konflikt og moglegheit for forståing. Dagen vil vise korleis komplekse nærings- og miljøspørsmål vert forma og formidla i offentlegheita.
VoldaKom inviterer noverande og tidlegare studentar, fagmiljøet og praksisfeltet og alle andre. Arrangementet er ope for alle, men gratis berre for medlemmer i kommunikasjonsforeninga.

Program

09.00-09.15: Registrering og mingling
09.15–09.30
Velkomen til VoldaKom 2026. Programleiing ved tre kommunikasjonsstudentar. Praktisk orientering. 
Opning ved Håkon Andre Skaftå frå Norsk kommunikasjonsforening

BOLK 1: Oppdrett som stridsspørsmål 09.30–10.45

09.30–10.20
Oppdrett i offentlegheita 
Retoriske og mediale rammer rundt oppdrett
Miljøkritikken: Kva er dei største problema – og korleis blir dei formidla?
Charlotte Hidle, UIO (Laksedebatten – naturinteresser/fellesskapsinteresser)
10.20–10.30
Spørsmål og kommentarar frå salen før ei kort pause

BOLK 2: Kommunikasjonen i praksis (10.30-11.30)

Frå næringa si side. Dette gjorde vi – og dette lærte vi
10.30–10.55
Omdøme og tillit i praksis. 
– Kva hende då eg sa ja til å vere med i Bård Tufte og NRK sin dokumentarserie?
Falk D. Øveraas, Ode
11.00–11.30
Balansekunsten mellom informasjon, omdømebygging og grønvasking
Øyvind Michael Olsen, Doxacom

11.30–11.45
Spørsmål og kommentarar frå salen før ein kort pause

BOLK 3: Politikk, forvaltning og motstridande interesser (11.45–12.30)

11.45–12.10
Regulering, verkemiddel og politikk
Heng mål og middel saman?  v/laksegründer Roger Hofset
12.10–12.30
Korleis formidle omstilling av ein upopulær bransje?
Lukka oppdrett og nye løysingar i møte med kritikk
Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar, Bauta Fishfarms

12.30–13.45 –Lunsj (45 min)
God tid til mingling og nettverksbygging

BOLK 4: Korleis bruke den nasjonale allmenningen? (kl. 13.45–14.30)

13.45–14.15
Vekst og vern – korleis opplever ein mediedekninga?
Næringsinteresser vs. miljøinteresser. Nokre lokale døme. Styreleiar Torgeir Parr Dimmen i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda
14.15–14.30
Kven eig forteljinga om havet?
v/ fylkessekretær Øystein Folden i Naturvernforbundet
14.30-14.45: Kort pause

BOLK 5: Paneldebatt

14.45–15.45: Paneldebatt. Kan konflikt kommuniserast betre? Deltakarar frå næringa, kritiske røyster, media, kommentariat, kommunikasjon og rådgiving
Debatten blir leia av tidlegare journalist, redaksjonell leiar og kommentator Leif Welhaven, no lagsansvarleg i Kommunikasjonsforeininga. Spørsmålsrunde mot slutten, med aktiv involvering av studentar og publikum. Avslutting og oppsummering ved programleiarane.

Kveldsprogram:
PR-pub v/ROKKEN Scene, Volda

Arrangør: Institutt for kommunikasjon, Høgskulen i Volda og Norsk kommunikasjonsforening sitt studentlag i Volda og lokallaget i Møre og Romsdal

Del på: