Vidareutdanning for yrkesfaglærarar

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2019 to vidareutdanningar for yrkesfaglærarar:

Begge vidareutdanningane er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar». 

Både Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar og Læringsleiing for yrkesfaglærarar er bygd opp av fire like store modular og gir totalt 15 studiepoeng over eit år. 

Det er lagt opp til to samlingar kvart semester, med utstrekt bruk av nettbasert rettleiing og oppfølging mellom samlingane. Vidareutdanninga blir organisert med ei veksling mellom: 

  • samlingar med kunnskapsdeling og praktisk utprøving
  • utviklingsarbeid knytt til eigen undervisnings- og opplæringspraksis mellom samlingane
  • nettleksjonar og samarbeid på nett.