Inspera

Høgskulen i Volda har tatt i bruk digital eksamen i full skala. Det gjeld eksamensgjennomføring og sensur.
Vi nyttar Inspera Assessment som digital eksamensløysing.

Du loggar på med din Feide brukarkonto.
Merk; - er du ekstern sensor må du ha Feide-tilgong ved Høgskulen i Volda for å sensurere og logge på med Feide.
Alternativt må du logge på via "Registrert brukar". I så fall har du fått tilsendt brukarnamn og passord i separat e-post.
Viss side for innlogging går til den institusjonen du er tilsett ved, så må du opne ei inkognitofane i nettlesaren og legge inn innloggingsadressa for Høgskulen i Volda der.

Før eksamen

Eksamensplan vert publisert i foregåande semester.
Sensorkommisjonar for påfølgjande eksamensgjennomføring må vere klar til desse fristane: 1. november og 31. mars. Gjeld også sensorkommisjon for klage.

Faglærar - emneansvarleg

Rolla "forfattar" i Inspera gir tilgang til opprette og redigere oppgåver og oppgåvesett til eksamen.

Det er viktig at faglærar/emneansvarleg opprettar eksamensoppgåva sjølv i Inspera, då de har ansvar for kvalitetssikringa av oppgåveteksta. Det gir betre oversikt og ein kan svare spørsmål frå studentar som tek eksamen i ditt fag/emne som gjeld digital gjennomføring. Det er viktig for at studentane skal ha ei trygg og forutsigbar eksamensgjennomføring.

Studiekonsulentar er tilgjengeleg og kan svare på spørsmål du har vedkomande oppgåver og oppgåvesett i Inspera. Dei hjelper deg gjerne, så ta kontakt og gjer avtale.

Eksamensoppgåvetekst og oppgåvesett i Inspera skal vere klar ei (1) veke før eksamensstart. Då skal oppgåve/-tekst vere ferdig kvalitetssikra frå faglærar/emneansvarleg.

Hugs å ha ferdig sensorrettleiinga. Denne kan studiekonsulenten laste opp når eksamen vert sync'a frå FS til Inspera, eller du som faglæarar kan laste den opp i Inspera - i fane Vurdering når de byrjar med sensuren. 
Faglærar kan også skrive sensorrettleiing for kvar enkelt oppgåve i oppgåvesettet. Sensorrettleiing for kvar oppgåve gjev meir presis informasjon til sensor, både til ordinær kommisjon og til ein eventuell kommisjon for klage.
NB! Faglærar skal publisere sensorrettleiinga i Canvas til studentane omgåande etter at studentane har fått resultatet på eksamen.

 

Korleis lage eksamensoppgåver i Inspera

Merk: alle oppgåvesett skal lagast i begge målformer.

Ved Høgskulen i Volda nyttar vi i hovudsak følgjande oppgåvetypar i Inspera:

- Langsvarsoppgåve ved skriftleg skuleeksamen. Ved bruk av langsvaroppgåve, kan ein også nytte spesialark til handteikningar som vert importert til eksamenssvara med ein Scantron scanner.

- Fil-opplasting ved eksamensinnlevering. Nyttast ved innlevering av mappe, oppgåver og ved heimeeksamen. Oftast som Pdf-fil, men også andre fil-typar knytta til lyd, video og bilde går fint. Merk at ein kan laste opp inntil 4GB per fil.

- Ved heimeeksamen kan ein velje mellom fil-opplasting og langsvarsoppgåve, ut frå kva behov ein har.

- Multiple Choice, fleirvalgs- og fleirsvarsprøve.

- Munnleg eksamen og praktisk-/utøvande eksamenar.


Tips:
- Ved bruk av fleire oppgåver i ein og same eksamen rår vi til at de lagar oppgåvesettet heilt ferdig før du kopierer til anna målform.
- I oppgåvesett der de nyttar bilete, så bruk bilde-filer. Viktig at ein ikkje kopiere bilete frå internett, der nettadressa vert med.


Inspera rettleiingar:

- Forfattar
- Oppgåvetypar
- Opprette oppgåvesett - poenggjeving - terskelverdiar
- Lage oppgåver
- Oversetting av oppgåver og oppgåvesett
- Seksjonar og tilfeldig uttrekk og rekkjefølgje på oppgåvene
 

Scantron

Det er no høve til å bruke spesialark til handteikningar under eksamen. Arka kan scannes inn og knyttast til oppgåvesvaret. Studieadministrasjonen må ha melding på førehand dersom de vil nytte denne funksjonen ved eksamen.

Teikningane merkast med oppgåvekode. Dette gjer studenten/-ane sjølv, då dei les koda i Insperasystemet på si datamaskin. Arka samlast i eit omslagsark, og merkast med kandidatnummer.

Eksamensvaktene samlar inn og kontrollerer dei koda spesialarka når kandidaten er ferdig med eksamen. Studieadministrasjonen har etterarbeidet med sjølve scanninga.

Arka kan nyttast blanke, eller ein kan på førehand kopiere tekst eller bilete over på arka.



 

Sensor

Merk: eksterne sensorar må ha returnert kontrakt om sensur for at ein skal ha tilgang til Inspera og sensurere der.

I Inspera får du oversikt over eksamenane du skal sensurere og registrere sensur for. Eksamen i Inspera vert omtala som "prøver".

Om du vil trykke eksamenssvara på papir, så kan du no trykkje ut alle eksamenssvara i din kommisjon samla i ei (1) fil. Der er automatisk oppretta framside på alle eksamensvar og denne er knytta til sjølve svaret.

Vil du sjekke tal på ord, så må du laste ned kvart enkelt svar; - opne i Foxit Reader, sjå på View og Word Count. Merk at alle ord vert med, også dei som står på den automatiske framsida.

Inspera rettleiingar:
- Sensurere kandidatar
- Kommentere i eksamenssvaret - Kommentarar er ikkje automatisk synleg for kandidatane etter karaktersetting.
- Godkjenne di vurdering
Fullfør felles vurdering
- Godkjenn felles vurdering

Når alle sensorar har godkjent felles vurdering, sendast automatisk melding til administrativ ansvarleg i studieadministrasjonen om dette. Studiekonsulenten vil då tilbakeføre karakterar frå Inspera til FS.

Urkund - plagiatkontroll

Høgskulen i Volda nyttar plagiat kontroll ved alle innleverte eksamensgjennomføringar. Sensor finn rapporten når ein opnar oppgåvesvaret i Inspera, Vurdering og fane Plagiatkontroll.

Har ein behov for å bestille plagiatrapport i Urkund, så må ein logge på med Feide. Har du ikkje registrert deg med konto i Urkund, så start med gjere følgjande:
- Gå til urkund.com og trykk på Login
- Trykk på Web app til venstre i bildet
- Velg organisasjon i Single sign-on innlogging på høyre side på skjermen og trykk på Logg inn med Single sign-on. No har du ordna med Feide pålogg til Urkund. 
- Logg ut av Urkund
- Gå tilbake til Inspera eller Canvas, alt etter som kor du har behov for å bruke eller lese Urkund plagiatkontroll til studentarbeid.
 

An introduction to the new Urkund Analysis, (ca. 7 min.)

Her er Urkund sine tips og råd til studentar (på engelsk): Plagiarism handbook  
 

Etter eksamen

Grunngjeving og klage
Eksamenskandidatar får automatisk elektronisk melding når sensur er registrert. Studentane må be om grunngjeving elektronisk i studentweb innan ei (1) veke etter at sensuren er publisert. Sensor kan velje om ho/han vil gje grunngjeving munnleg eller skriftleg.
Det er ulik praksis her, men om de vel å sende grunngjeving til kandidat via Inspera så må ein gje beskjed til studentsørvis, då det er dei som handsamar søknadar om grunngjeving og klage.
Grunngjevingar, kommentarar og private notat i Inspera, vil vere lagra i lag med eksamenssvaret i 2 år.

Klage på karakter følgjer Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) og Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), kapittel 5. Klage.
Klagefristen er 3 veker frå kandidaten har fått publisert resultatet, eventuelt 3 veker etter at han/ho mottok grunngjeving. Det skal gjennomførast ny sensur av kommisjon for klage. 

 

 

Opplæring og bruk av Inspera

Alt du treng vite om Inspera finn du i Inspera hjelp og opplæring. Instruks og rettleiingar i Inspera er illustrert med bilder, og gode trinnvegs forklaringar. Når du er logga på Inspera, så finn du Inspera hjelp og opplæring ved å trykke på tannhjulet i høgre hjørne på skjermen.

Ta kontakt med eksamenskoordinator Hilde Kristin Elvestad, om du ønskjer opplæring i bruk av Inspera og gjer ein avtale som høver i arbeidskvardagen. Gå gjerne saman fleire frå eit institutt eller seksjon.

 

Løn og honorar til ekstern sensor

Lønn og honorar skal registrerast elektronisk om du er ekstern sensor eller gjesteforelesar.

Som ekstern sensor har du mottatt brev og kontrakt frå avdelinga du har fått sensuroppdrag med. Etter at du har returnert kontrakta, vil det verte oppretta brukartilgang til lønnssystemet, og du vil få melding når det er klart til å registrere lønnskrav. Om du har spørsmål om lønn og honorar, ta kontakt med underteikna som sende deg dette brevet.

Merk: Reise og lønn/honorar førast i to forskjellige krav som registrerast separat. Dersom du fører reiserekning må kvitteringar lastast inn som vedlegg. Det same gjeld lønn for sensur; her må du ha med Pdf-fil av vurderingsprotokollen frå Inspera, sensorkontrakta og kopi av lønnsslipp dersom du har fått melding om å leggje fram det.

Du skal registrere ditt lønnskrav her: Direktoratet for økonomistyring
Påloggingen skjer via din tilgang til ID-porten (MinID, BankID, Buypass ID, eller Commfides e-ID).

Du kan også logge deg på via DFØ-app på mobiltelefon: https://dfo.no/kundesider/lønn/dfø-app