Microdata.no


Microdata.no er ei datateneste som gir forskarar og studentar tilgang til registerdata frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Gjennom microdata.no får ein tilgang til å bearbeide og analysere registervariablar frå SSB i eit anonymisert grensesnitt.  

Tenesta gir tilgang til data frå:
•    Folkeregisteret
•    Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
•    Selvangivelsesregisteret
•    Arbeidsmarkedsdata
•    Forløpsdatabasen FD-Trygd

Sjå variabeloversikt her.

Tilgang

HVO har inngått ein institusjonsavtale som gir alle masterstudentar og tilsette ved HVO tilgang til tenesta.

Kontakt forskingsrådgivar Sunniva Hagen i Forskingsadministrasjonen for å bli registrert som brukar av tenesta eller om du har spørsmål om tenesta. 


Avgrensingar 

Det er visse avgrensingar i mogelegheitene for analyse i microdata.no. Det er til dømes ikkje mogeleg å koble på eigne data. Tradisjonelle statistikkverktøy som Stata, SAS, SPSS, R og Python er ikkje kompatible med det anonyme grensesnittet som er nytta i tenesta. SSB oppfordrar likevel til å nytte microdata.no for utforsking av datatilfanget i forkant av eller som ein del av søknadsprosessen for utlån av data