Eksternt finansiert etter- og vidareutdanning (EVU) - rutiner og regelverk
Etter- og vidareutdanning (EVU)
På HVO nyttar vi EVU til å skreddarsy studietilbod retta mot personar i arbeidslivet.
Det er i tillegg mange studentar som nyttar det ordinære studietilbodet som vidareutdanning. Dei er ikkje målgruppa her.
Etter- og vidareutdanning er difor målretta mot intensjonen i studietilbodet, heller enn studenten sin intensjon med studiet.
Etterutdanning - Kurs som gir vedlikehald og oppdatering av kompetanse innafor eksisterande utdanningsnivå og stilling. Det handlar om kortare kurs som ikkje leier fram til formell eksamen eller kompetanse i form av studiepoeng.
Vidareutdanning - Emne som gir ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Emna er underlagt ordinære eksamens- og vurderingsordningar, og gir utteljing i form av studiepoeng innan eller utanfor gradssystemet. Vidareutdanning er særskilt tilrettelagt for målgruppe, fagleg innhald og pedagogisk tilnærming. Intensjonen er å møte behov i samfunns- og arbeidsliv. Det blir gjort eigne opptak til vidareutdanningar.
Kvifor etter- og vidareutdanning?
- Etter- og vidareutdanning er ei lovpålagt oppgåve, det er ein del av HVO sitt samfunnsansvar, og kan vere eit BOA-prosjekt.
- Etter- og vidareutdanning gir HVO ei brei kontaktflate mot arbeidslivet, og utgjer ein viktig del av HVO si samfunnskontakt og omdømmebygging.
- Etter- og vidareutdanning bidreg til samspel mellom teori og praksis, og har overføringsverdi til arbeidet med relevans og læringsutbytte i dei ordinære studieprogramma.
Bruk nettskjema for innmelding av Eksternt finansiert EVU-prosjekt her -
Lenke til Samlehandbok, Retningslinjer for bidrags- og oppdragsfinansisert aktivitet ved HVO
Etter- og vidareutdanning (EVU)-kurskatalog, EVU kalender og BOA ressurspersoner
Etter- og vidareutdanning - kalender
Etter- og vidareutdanning (EVU) som er i gang og historikk. Lenke til kalender for EVU verksemd ved Høgskulen i Volda. Til internt bruk.
BOA ressurspersoner
Humanistiske fag og lærarutdanning: Ole Frank Bakken Telefon 70 07 50 58
Kulturfag: Mari Lome Telefon 70 07 51 90
Mediefag: Lars Julius Halvorsen Telefon 70 07 52 15
Samfunnsfag og historie: Bjørn Gunnar Tafjord Telefon 70 07 53 67
Fellesadministrasjonen, Økonomi: Ella Vasskog Telefon 70 07 54 76
Fellesadministrasjonen, SA: Per Johan Ramsli Telefon 70 07 51 73