Verdensdagenlunsj

Laurdag 10. oktober er det Verdensdagen for Psykisk helse. Det kan du bli med å markere! Temaet i år er "Spør meir"
Spør difor nokon som du vil gi ekstra merksemd, eller bli betre kjent med, om å lunsje saman med deg denne dagen.

Ved å melde deg på via Tikkio får du ein tacobaguett til deg og ein venn. Fyst til mølla! Så hiv deg rundt. Om du ikkje rekk å få tak i ein gratis lunsj, er det tilbod på Rokkenburger.

Før eller etter kan du også gå Rebusløypa i Elvadalen, prøve å finne løysingsordet bak oppgåvene, eller berre undre seg saman om refleksjonsspørsmåla på vegen langs elva :-)

 

Hugs også:
⁃ Hald deg heime om du er sjuk.
⁃ Hald minst ein meter avstand til andre.
⁃ Ha god handhygene med grundig og hyppig vask, eller benytt handsprit.

Del på: