Utdanningsdagane 2018

Program og oppmøte

Velkomen til Utdanningsdagen i Volda!

Program

Oppmøte: Berte Kanutte-huset, kantineområdet.

  • 10.00 - 10.45: Velkomen! Opningsshow av studentar ved høgskulen, med gjester. 
  • 15 min
  • 11.00-11.45: Utdanningsval 1
  • 15 min
  • 12.00-12.30: Høgskulen spanderer lunsj:
    • Alle elevar møter i kantina, Berte Kanutte-huset
    • Alle rådgjevarar og lærarar er invitert til lunsj på møterom BK220.
  • 15 min
  • 12.45-13.30: Utdanningsval 2
  • 15 min
  • 13.45-14.30: Utdanningsval 3
  • 14.40: Vel heim, bussavgang ovanfor Volda vidaregåande skule.

Kvar skal eg vere?

Du kan gå inn på kartsida vår MazeMap, søke etter rommet du skal til  og få vite korleis du kjem deg dit. Du kan også klikke på lenka i oversikta under. Om du vil kan du laste ned appen MazeMap.

Språk og litteratur

Berte Kanutte-huset, rom 157

Grunnskulelærar

Berte Kanutte-huset, store auditorium (BK161)

Barnehagelærar

Berte Kanutte-huset, rom 158

Religion

Berte Kanutte-huset, rom 255

Planlegging og administrasjon/samfunnsvitskap

Aasen-huset: auditoriet

Barnevern og sosionom (Helse og sosialfag)

Strøm-huset, rom 244

Høgskulen i Molde

Kaarstad-huset, rom 208

NTNU, Ålesund

Strøm-huset: auditoriet

Musikk

Kaarstad-huset: konsertsalen, bandrommet og rom 210 (skal innom alle)

Teater og drama

Kaarstad-huset: dramasal og teatersal

Animasjon

Strøm-huset:  verkstadane i underetasjen

Formgjeving, kunst og handverk

Kaarstad-huset: verkstadane

Media, IKT og design

Aasen-huset: rom 110

Idrett og friluftsliv

Kaarstad-huset: konsertsalen

Journalistikk

Strøm-huset: redaksjonslokala og studio (underetasjen)

Historie

Strøm-huset, rom 242

PR, kommunikasjon og media

Berte Kanutte-huset: vesle auditorium (BK159)

Påmelding, fagområder og program

Under Utdanninsdagane står høgre utdanning og framtidige karrierevegar i fokus. Vi ønskjer at elevane vert betre budde til å ta utdannings- og yrkesval. Med eit slikt tiltak vonar Høgskulen i Volda også å bidra til at fleire ungdomar vel å bli i eigen region, både under utdanning og seinare i arbeidslivet. Elevane kan sjølv velje kva fagområde/studium han eller ho ønskjer å høyre meir om. Dei får informasjon om tilbodet, får snakke med faglærarar og studentar, og får ein smakebit av undervisninga.

I påmeldingsskjemaet kan du velje tre ulike fagområde/studium. Du vil i etterkant av påmeldinga få tilsendt ei stadfesting og program for dagen i Volda.