Utdanning som veg ut av fattigdom: Besøk frå Tanzania til Høgskulen i Volda
Torsdag den 24. september kjem rektor ved Bethel School, Neema Tarimo, og ektemannen hennar, Godbless Mamkwe for å møte studentane som studerer norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Dei vil fortelje om arbeidet sitt med å gi barn og unge tilgang til utdanning. Arrangementet er ope for alle interesserte studentar og tilsette ved Høgskulen. Det vil vere særleg relevant for studentar ved HVO som skal ha praksis i Tanzania eller vurderer eit praksisopphald der.
Praksis i Tanzania
Lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda har sidan 2023 hatt ein praksisavtale med Bethel School, i Kilimanjaro-regionen i Tanzania. Gjennom avtalen har fjerdeårsstudentane i grunnskulelærarutdanninga fått høve til å gjennomføre delar av praksisopplæringa si ved skulen. I februar 2027 reiser fire nye studentar til Tanzania for å ha praksis der i 4 veker.
Om arbeidet til ekteparet
Neema (rektor) og Godbless Mamkwe (samfunnsbyggjar, entreprenør og prest) har gjennom mange år bygd opp Bethel Primary School. Skulen har om lag 700 elevar og tilbyr også internat for 200 av barna. Familiar betaler etter evne, foreldrelause barn og barn frå dei fattigaste familiane får utdanninga gratis. Ekteparet arbeider ut frå eit sterkt engasjement om at utdanning er vegen ut fattigdom. Rundt skulen har Mamkwe utvikla landbruk med dyrking av mat, husdyrhald og eige meieri. På den måten forsyner dei elevane og internatborna med mat, samstundes som verksemda skapar inntekter og sysselsetjing i lokalsamfunnet.
Meir enn eit praksisopphald
Studentane våre får gjennom praksisopphaldet ved Bethel School erfaringar som strekkjer seg langt utover klasserommet. Gjennom opphaldet får dei eit unikt innblikk i korleis ekteparet arbeider målretta for å byggje lokalsamfunn, skape utdanningsmoglegheiter og betre levekåra for menneska i området.
Internasjonalisering som går begge vegar
Besøket deira på Høgskulen i Volda synleggjer korleis internasjonalisering i lærarutdanninga kan gå begge vegar. Det gir rektor og skuleleiar ved Bethel School høve til å få innsikt i norsk lærarutdanning, norsk skule og sentrale verdiar i utdanningssystemet vårt. Slik blir partnarskapen styrkt til beste for både studentar, lærarar og skuleleiarar.