Urpremiere i Volda 23.mai

Sjølv om startskotet for Ibsen-året for lengst er avfyrt, er det 23.mai duka for urpremiere av oppsetjinga ”Dokument Ibsen”. Ei eksperimentell framsyning jobba fram under Prøvekluten 2004 og 2005.

”Dokument Ibsen” er av og med skodespelar Rune Temte, regissør Marcelino M. Valiente og Anne Marie Rekdal, 1.amanuensis i norsk litteratur ved Høgskulen i Volda. Rekdal har teke doktorgrad på Ibsen sine drama, og har gitt ut fleire bøker om han.
- Eit vellykka prosjekt som syner kva som kan kome ut av eit konstruktivt samarbeid mellom kunstnarar og pedagogisk personale, seier Signe Valsø, leiar for KEV og Prøvekluten ved Høgskulen i Volda.

Ulike sider ved Ibsen
Under framsyninga er skodespelar Rune Temte åleine på scena. Rekvisittane er enkle. Åtte bord, ein kjole, sko og ei jakke. Publikum er tett på, og vert gjennom framsyninga ført frå fiksjon til røyndom, og frå teori til fiksjon gjennom eit stadig skifte av prosjekterte bilete, skodespelaren sine bevegelsar og Anne Marie Rekdal si forskarstemme på tape.

Målgruppa for oppsetjinga er elevar i vidaregåande skule og studentar. Urpremieren vil finne stad på Volda vidaregåande skule der Anne Marie Rekdal sjølv var lektor frå 1974 til 1993. Rekdal vert tilstade under dei to framsyningane.
Seinare i år skal framsyninga opne ein stor internasjonal konferanse om Ibsen i Bergen, og på turne rundt om i landet.

dokibsen

Del på: