Mentor

Mentor er ei ordning for studentar som er innvilga å studere som eit arbeidsmarknadstiltak. Du kan lese meir på NAV sine nettsider. Det er ofte ein student på eit tidlegare studentkull som vert valt til mentor, ut frå personlege eigenskapar og fagleg kunnskap.


Vilkår for mentor via HVO

Arbeidstida vert avtala med studenten, ut frå begge sine behov. Avtalen set rammene for kor mange timar pr. veke/ månad ein kan bruke, og mentor ber om timebetaling for dette.

Ein mentor er ikkje tilsett ved høgskulen, men får betalt løna si gjennom oss. Mentor skriv timelister, og får honorar for faktisk arbeid, ikkje når timar fell vekk fordi studenten har ferie, er sjuk, eller har varsla fråvær.

Dersom du er interessert i å jobbe som mentor, kan du melde frå til Ingunn Blindheim.