Studierettleiing og tilrettelegging

Studierettleiing

Den som skal velje utdanning har mange spørsmål. Mi oppgåve er å høyre kva du ønskjer hjelp med, og gi informasjon eller forslag til løysingar. Noko kan eg svare på direkte, andre gonger er eg vegvisar til andre som sit med kunnskap på sine felt, eller til nettsider og annan informasjon. Regelverk, oppbygging av utdanning eller korleis du blir lærar - det er mykje å setje seg inn i.

Nokre har meir grunnleggjande spørsmål: Kva kan eg, kva skal eg bli, kva er riktig for meg? Kanskje du må skifte retning fordi du byrja på feil utdanning eller skal omskolere deg?

Det er også meg du bør kontakte om du har sjukdom, allergi, dysleksi eller anna som gjer at du møter hindringar i studiet ditt. Sei frå om kva som kan hjelpe akkurat deg, så kan vi kanskje finne løysingar før problema veks!

Tilrettelegging

Har du lese- og skrivevanskar, er sjuk eller i eit svangerskap? Kanskje du har Asperger eller nedsett hørsel? Dette kan vere så krevande at det virkar inn på studia dine, og då vil vi gjerne prøve å legge til rette. Vi kan ikkje senke faglege krav, men ser etter fornuftige løysingar. 

Tilrettelegginga tek utgangspunkt i kva som kan vere til hjelp for akkurat deg. Dokumentasjon er viktig, men også dine erfaringar.  Det kan vere nyttig med eit møte med dei som kjenner akkurat ditt studium, om du vil det. Då kan vi snakke om eksamen, lesing, undervising, gruppearbeid eller praksis.  

Ta kontakt, så ser vi etter løysingar i lag. Eg har teieplikt, og deler ingenting med andre utan at du ynskjer det.

Tilrettelegging - korleis?

Først av alt må du seie frå om behovet for tilrettelegging, og ta med det du har av dokumentasjon. Kontakt Studentsørvis eller studierettleiar, så snakkar vi om vidare tiltak, ut frå dine ønske.

Det er ulike krav i studia, og det er nyttig å prate med nokon frå fagmiljøet. Difor vil vi ofte starte med eit møte der dei er med. Andre som kan vere aktuelle å be med, er rådgivaren frå Studentsamskipnaden, eller nokon frå eksamenskontoret. 
Vi har teieplikt om alt du tek opp.

Tilrettelegging gjer ikkje at vi reduserer dei faglege krava, men vi ser etter løysingar knytt til undervising, oppgåver, praksis og eksamen.

Døme på kva tiltak som kan vere aktuelle:

Ekstra tid og/ eller bruk av PC på eksamen

- Litt lenger tid på arbeidskrav

- Tiltak knytt til undervisinga, i samarbeid med forelesar

- Hjelp til å søkje om lydbøker eller retteprogram (LingDys)

- Utredning for dysleksi eller kognitive diagnosar

Tilvising til psykolog

- Tilgang til bibliotek via heis - send e-post til eigedom@hivolda.no

Hjelpemiddel ved tilrettelegging

Lydbøker frå NLB - Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

NLB er eit nasjonalt bibliotek, med lyd- og blindeskriftbøker. Alle som har ein diagnose som virkar på leseferdigheitene, konsentrasjon el.l. har lånerett. Det kan gjelde svekka syn, dysleksi, ADHD, Asperger, m.m. Du treng ikkje dokumentasjon, men kan bli spurt om det seinare. Les meir på NLB si nettside for lånarar.

Du kan sjølv registrerer deg som lånar. Om du treng hjelp, kan du kontakte rådgivar ved Studentsamskipnaden eller studierettleiar i Studentsørvis.


Hjelpemiddel
Hjelpemiddelsentralen tilbyr mellom anna utvida retteprogram (LingDys), som kan hjelpe mange med lese- og skrivevanskar. Dette programmet og andre hjelpemiddel kan du søkje om, dersom du treng det. Du kan også få hjelp til å søkje om dette, ved å vende deg til Studensamskipnaden sin rådgivar.


Tiltak frå NAV
Nav har ulike støtteordningar, men dei fleste vert berre gitt til studentar som tek utdanninga som arbeidsmarkedstiltak gjennom NAV. Eit døme på dette er mentor.


Utvida støtte frå Lånekassen
Lånekassen har ordningar for ekstra støtte dersom du har nedsett funksjonsevne, som gjer at studia krev meir tid og innsats enn for andre.
Du kan lese meir om dette på Lånekassen sine nettsider.


Handbok for studentar med nedsett høyrsel
Døve i høyere utdanning har laga ei handbok som du finn på deira nettsider: http://www.ndfu.no/dihu-lanserer-studenthandbok/


Studieteknikk for deg med lese- og skrivevanskar
Espen Schønfelt har sjølv gjennomført tunge studium med dysleksi. Han har delt sine r​​​​​​åd og tips til studieteknikk i heftet "Kunsten å lære".
 

Treng du noko som ikkje er nemnt her? Ta kontakt, så ser vi kva vi kan få til.

Ta kontakt for ein prat, du finn meg i første kontoret innanfor disken i Studentsørvis, i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.
Vanlegvis er eg inne mellom 09.00 og 14.30 kvar dag, med unntak av torsdag. 

Telefon 70 07 52 90 eller e-post til Ingunn Teigen Blindheim.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset