Tekst og tanke

Har du lyst til å møte andre på ein litt annleis og fin måte? Eller kanskje du har lyst til å bli litt klokare på livet eller deg sjølv? Bli med på "Tekst og tanke" og lytt til litteratur som opnar for undring og nye perspektiv saman med andre, både gjennom teksten og samtalen etterpå.

Banner Tekst og tanke

Vi samlast i Kaarstadstova (K100) i ei lita gruppe over nysteikte vaflar og ein kopp kaffe. Du kan velje å berre lytte eller delta med dine tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik ein er – både om du har lese mykje eller lite.

Det er gratis og ope for alle!

Helsing Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).
Samlesing ("Shared Reading") er ein forskingsbasert lesemetode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske, og mellom menneske og litteratur.
 

Del på: