Tankevirus del 2

Korleis kan vi avsløre skrullete tankar når dei gir seg ut for å vere truverdige? 

Torsdag 31. oktober er del 2 av det prisvinnande kurset "Tankevirus". Det er altså for dei som deltok på del 1.

På kurset lærer du om korleis psykologi påverkar oss i kvardagen, men også deg som slit med mild depresjon og angst. Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar, og er basert på grunnprinsipp frå kogntitiv atferdsterapi.

Kursinnhald

- Kunnskap om kor vanlig det er å ha negative tankar.
- At tankar i seg sjølv er harmlause, det er korleis vi reagerar på tankane som potensielt kan ta frå oss gleda i kvardagane og i verste fall gjere oss - sjuke.
- Kunnskap om ulike tankevirus og trening i å identifisere dei hjå oss sjølv.
- Hensiktsmessige måtar å forholde deg til tankane dine slik at du i større grad kan fungere, også i perioder med negative tankar.
- Mindre grubling og bekymringar.

 

Fekk du det ikkje med deg førre gong og kan tenke å bli med på kurset igjen? Følg med på kurssida, det kjem fleire gongar!

Del på: