Visuell kommunikasjon

Vidareutdanning (bachelornivå)

Sentralt i studiet står arbeid med todimensjonale visuelle uttrykk, og digitale verkty. Det vert lagt vekt på visuell grammatikk og kommunikasjon. Kunnskap om form, farge, komposisjon og teikn er ein viktig del av undervisninga. Du skal utvikle grunnleggjande forståing for visuell grammatikk og kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid. 

Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.     

Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det vert forventa at studenten har elementær datakunnskap. Studenten må ha ei datamaskin som fint kan handtere programvare frå Creative Cloud.

Enkelte førelesingar kan bli gjennomført på engelsk.

Aktuelle yrke og vidare studium

Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.

Om du ønskjer å søkje opptak til denne graden vil emnet bli godskrive.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiet er eit enkeltemne på 15 stp. og ein må rekne med to undervisningsdagar i veka på det jamne.

Oppstart hausten 2024 er tysdag 20. august. Undervisninga startar opp samme veka. Meir informasjon kjem nærmare sommaren.

 

Pensum

Pensumlister blir publisert på heimesida og i Canvas før studiestart.

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

Løpande opptak

Søknadskode : 3445

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt