Vidareutdanning i musikk

Fordjupingsstudium

Vidareutdanning i musikk bygger på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studiet rettar seg mot utøvande og pedagogisk verksemd, og gir relevant kompetanse til lærarar innanfor faget, både i grunnskulen og i kulturskulen, eller andre yrkesgrupper som arbeider med formidling av musikk.

Studentane skal utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering, utøving og formidling og ensembleleiing.

 

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår
  • Opptakskrav

    60 studiepoeng i musikk fra Høgskulen i Volda eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i praktiske øvingar i plenum og i grupper, teoretisk arbeid,  førelesingar og individuell undervisning på musikkisntrument/song.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda.  

Studieplan

Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (vår)

Studieprogram: 
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført minimum 60 studiepoeng i musikk fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 

Om studiet

Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld våren 2023 emna Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosifi (MUS206) og Utøving og formidling2 (MUS204)som båe er 15- studieppengsemne og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Under rettleiing og gjennom eiga utprøving får studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk.

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i emneplan.

Kunnskapar

Kunnskapar i studiet vert konkretisert i emneplan.

Ferdigheiter

Dugleikar i studiet vert konkretisert i emneplan.

Generell kompetanse

Generell kompetanse i studiet vert konkretisert i emneplan.

Organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å løyse oppgåver, og få tilbakemeldingar gjennom diskusjon. Det blir gjeve råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet. I tillegg kjem førelesingar og plenumsdiskusjonar over utvalde tema. Undervisinga vert gjeve på både norsk og ved behov også på engelsk.

Det er obligatorisk frammøte til all undervising jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 

Navn: 
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (vår)
Emne2023 Vår
Vår 2023 kan du ta eitt emne:
 
15
Ansvarleg
Stein Helge Solstad
  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår
  • Opptakskrav

    60 studiepoeng i musikk fra Høgskulen i Volda eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 

  • Studieplan
Løpande opptak

Søknadskode : 4261

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt