Musikkstudentar jobbar saman.

Vidareutdanning i musikk

Vidareutdanning (bachelornivå)

Vil du lære deg å spele eit musikkinstrument eller å synge, utøve musikk saman med andre, lage og arrangere musikk, eller å lære meir om musikken og teoriane bak? 

Studieprogrammet rettar seg mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor ulike yrkesretningar, til dømes grunnskulen, kulturskulen og det frie kulturlivet.

Studentane skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innanfor sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innanfor musikkteknologi. 

  • Deltid, Heiltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår
  • Opptakskrav

    60 stp musikk

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, gruppearbeid, dialog/samtale, utøving av musikk, individuelt og i grupper og individuelt arbeid.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emna kan godskrivast som del av årsstudium og Bachelor i musikk. Dei kan også godskrivast i valfri del i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.

Studieplan

Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (haust)

Studieprogram: 
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
12
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

60 studiepoeng i musikk fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 

Om studiet

Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld eitt frittståande emne som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med ensembleleiing (MUS208).

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning. For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg.

Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.

Læringsutbytte

Studenten kan

  • dirigere og leie eit ensemble (MUS 208)
Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskapar om ulike teknikkar, innstuderingsmetodikk og repertoarvalg (MUS 208)
Ferdigheiter

Studenten kan

  • planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og grunngi faglege val (MUS 208)

 

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheter på ein sjølvsendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til kritisk refleksjon og kritisk tenkning i utdannings- og yrkessamanheng

Organisering og arbeidsmåtar

- Praktiske øvingar i plenum og grupper

- Teoretisk arbeid

- Førelesingar

 

 

Navn: 
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (haust)
Emne2022 Haust
Haust 2022 kan du velje mellom:
15
Anna
Ved val av fleire emne kan det oppstå timeplankollisjonar. Ta kontakt med studieprogramansvarleg for å avklare dette.
Ansvarleg
Stein Helge Solstad
  • Deltid, Heiltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår
  • Opptakskrav

    60 stp musikk

  • Studieplan
Søk frå 1. november

Søknadskode : 4600

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt