Musikkstudentar jobbar saman.

Vidareutdanning i musikk

Vidareutdanning (bachelornivå)

Vil du lære deg å spele eit musikkinstrument eller å synge, utøve musikk saman med andre, lage og arrangere musikk, eller å lære meir om musikken og teoriane bak? 

Studieprogrammet rettar seg mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor ulike yrkesretningar, til dømes grunnskulen, kulturskulen og det frie kulturlivet.

Studentane skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innanfor sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innanfor musikkteknologi. 

  • Deltid, Heiltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, gruppearbeid, dialog/samtale, utøving av musikk, individuelt og i grupper og individuelt arbeid.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emna kan godskrivast som del av årsstudium og Bachelor i musikk. Dei kan også godskrivast i valfri del i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.

Studieplan

Vidareutdanning i musikk (vår)

Studieprogram: 
Vidareutdanning i musikk
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Musikk opne emne (vår) inneheld MUS 104 - "Musikk for barn og unge 2".

Dette 15 st.p.emnet gir grunnlag for vidare studium i musikk. Det kan inngå i bachelor i musikk, og kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar. MUS 104 er også eit av fire emne (MUS 101, MUS102, MUS 103 og MUS 104) som til saman utgjer årsstudium i musikk.

Musikk, opne emne rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.

 

  • MUS104 Musikk for barn og unge 2 gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. (Sjå emneplan for nærare info)

Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som:

musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innan musikkteknologi slik at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

 

Kunnskapar

Studenten: 

  • har kunnskap om sentrale metodar innan musikkutøving
  • har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
  • har kunnskap om musikk og helse
Ferdigheiter

Studenten: 

  • har erfaring med utøving og tilrettelegging av musikk og har teoretisk kunnskap til bruk i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
  • kan legge tilrette for utøving og bruk av musikk for ulike aldersgrupper.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
  • kan reflektere over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng. 
Organisering og arbeidsmåtar
  • Førelesingar
  • Digitale førelesingar
  • Dialog gjennom samtale/refleksjon
  • Gruppearbeid
  • Utøving av musikk, individuelt og i grupper
  • Individuelt arbeid
Navn: 
Vidareutdanning i musikk (vår)
Emne2021 Vår
Valbare emner vår 2021
15
 
15
Ansvarleg
Svein Hunnes
  • Deltid, Heiltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan
Søk frå 1. februar

Søknadskode : 4600

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt