Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanning i digital kompetanse i læring (DKLK), nettstøtta - 5 stp

Nettstudium, Samlingar

Digital kompetanse og digital skuleutvikling er omgrep som lærarar i grunnskulen stadig oftare møter i sitt arbeid. Høgskulen i Volda tilbyr ei fleksibel og arbeidsplassbasert vidareutdanning med enkeltemne på fem studiepoeng knytt til dette. Studiet byggjer på den såkalla Ulstein-modellen, og progresjon og innhald er tilpassa lærarkvardagen.

Søk studieplass!

Søknadskode : 2002

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 5

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet gir kompetanse i kritisk refleksjon rundt og pedagogisk bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisning. Studiet består av enkeltemne knytt til digital kompetanse og digital skuleutvikling. I samarbeid med Ulstein kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har vi utvikla ein modell for arbeidsplassbasert vidareutdanning for lærarar som arbeider i grunnskulen. Modellen har basis i forsking på digital skuleutvikling og omvendt læring, der vi kombinerer nettleksjonar, utviklingsarbeid i eige klasserom og samlingar.

Vi tilbyr følgjande emne innanfor Ulstein-modellen:

 

Studiestadar i 2018/2019: Volda og Ulstein

Opptakskrav

Godkjend lærarutdanning. Må ha tilsetting i relevant skuleslag.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er fleksibelt, med ein progresjon og innhald tilpassa lærarkvardagen. Emna er på 5 studiepoeng, fordelt over eit forlenga semester (25 veker). Haustsemesteret startar i august og ender i januar, medan vårsemesteret startar i januar og ender i juli. Det er fire samlingar kvart semester. Emnet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) samlingar med kunnskapsdeling og praktisk utprøving, 2) nettbasert utviklingsarbeid knytt til eigen undervisnings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i emna skal dele sine utviklingsarbeid med sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider. Ein kan ikkje ta fleire emne parallelt på same studiestad.  Emna har 4 samlingar på 2 timar fastsette studiestadar. Fast publiseringsdag og samlingsdag.

Emna har mappeeksamen. Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid gjennom heile semesteret. For å få eksamen må 80% av arbeidskrava vere godkjende. Emna blir vurdert med stått/ikkje stått.