Vidareutdanning (bachelornivå)

Teater, opne emne

Deltid

Studiet gir ei innføring i skodespelarkunst og teaterproduksjon, med fokus på ensemblespill. Det vert teke utgangspunkt i teoriane og arbeidsmetodane til den russiske teaterpedagogen Stanislavskij, og ein ser på samanhengen til realisme i teateret i dag. Studentane skal også få innsikt i arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, og få prøve ut og utvikle seg i den handverksmessige og kunstnarlege sida av faget.

Stengt for søking

Søknadskode : 3930

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 30

Start Haust

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emna:

  • Teaterproduksjon 1: Realistisk teater (15 stp). Les meir i emneplan her
  • Forteljing og formidling (15 stp). Les meir i emneplan her

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emna i studiet inngår i:

  • Bachelor i teater og drama
  • Årsstudium i teater og drama

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
 

Raymond Corrado Knutsen

Studieplan

Teater, opne emne

Studieprogram: 
Teater, opne emne
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
5
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. Studiet er eit deltidsstudium og går over to semester.

I studiet skal de jobbe med t.d.:

  • Skodespelarteknikk
  • Ensemblebyggjing
  • Teaterproduksjon
  • Forteljing
  • Museumsformidling
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar
  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
  • kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

Studiet inneheld ei mindre studiereise til eigen kostnad. 

  • Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.

b) Progresjon

Vidareutdanning deltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:

TOD101 - Teaterproduksjon 1: Realistisk teater + TOD104 - Forteljing og formidling

Emna i studiet tilsvara 30 stp av første studieår i bachelorgraden til Teater og drama. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som td.:

  • Skriftlege individuelle innleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljar framsyning
  • Analysar
  • Munnlege framføringar
  • Museumsformidling
  • Husteater

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Navn: 
Teater, opne emne
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Studentane skal:

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
Praksis

Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet, der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.

Internasjonalisering

Det er ikkje høve til utveksling i studiet.

Kostnader
  • Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Hege Holmqvist Synnes

Last ned studiet som PDF