Spesialpedaogikk
Mastergrad
Fleire barn, unge og vaksne står i fare for å bli marginaliserte på grunn av aukande forventningar og krav til individuelle prestasjonar og meistringar. Dette har ført til eit større behov for spesialpedagogisk kompetanse på alle nivå i opplæringssystemet. Slik kompetanse er viktig for å avdekke spesielle behov i opplæringa og for å utvikle opplæringstilbod som er betre tilpassa barn, unge og vaksne som strevar.
Utdanninga skal gi studentane brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om opplæringa i barnehage og skule, med særskild merksemd retta mot spesialpedagogiske tiltak.
- Heiltid, Samlingar
- Varigheit 4 semester (2 år)
- 120 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:
- Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.
- Bestått minimum dei tre første åra av grunnskulelærarutdanninga
- Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.
- Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.
- Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.
Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.
Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi tillegg med 1 poeng per 30 stp. inntil 90 stp. Totalt maks 3 poeng.
Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for utanlandske studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest - høgare nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.
Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og har ulike arbeids- og dokumentasjonsformer.
Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Avhengig av forkunnskap og spesialisering, kan dette studiet gi deg
kvalifkasjonar for m.a.:
- spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
- arbeid i PP- tenesta
- arbeid i høgskulesektoren
- doktorgradsstudium
- lektorkompetanse
- høgare fagdidaktisk kompetanse for undervisning i matematikk eller norsk i grunnskule eller vidaregåande skule
- forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU aktivitet i barnehage og skule
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Haust 2021
UL301: mandag og tirsdag i vekene 35, 39, 42, 45, 48.
ULSP303: mandag og tirsdag i vekene 36, 40, 43, 46, 49
UL305: mandag og tirsdag i vekene 35, 37, 40, 44, 47
UL306: torsdag og fredag i vekene 35 og 39
Vår 2022
UL303: mandag og tirsdag i vekene 2,6, 11, 14 og 18
ULSP304: mandag og tirsdag i vekene 3, 7, 10, 13, 19
UL306D: torsdag og fredag i vekene 3 og 8
Studieplan
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk
Mastergradstudiet i spesialpedagogikk sitt hovudmål er å gje studentane solid kompetanse for arbeid på området i barnehage og skule.
Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på området studentane spesialiserer seg. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialiseringa. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og spesialundervisning.
Avhengig av forkunnskap og studiespesialisering kan dette studiet gje deg
- lektorkompetanse
- auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
- kvalifikasjonar for m.a.:
- spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
- arbeid i PP-tenesta
- arbeid i høgskulesektoren
- doktorgradsstudium
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne
- har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
- har grundige kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til fagfeltet
Studenten
- kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte
- kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Studenten
- kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld heterogeniteten i opplæringa
- kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
- kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass
Emna UL301, UL302,ULSP303, ULSP304 og UL305 går over eitt semester, og har fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. UL306 (masteroppgåva) har færre samlingar og går over to semster.
Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteroppgåve (UL306) skal gjennomførast til slutt. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.
Emna Vitskapsteori og forskingsmetode og Masteroppgåve har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til desse to emna skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Heiltidsstudentar tek til på dei to emna samstundes. Masteravhandlinga kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode.
Etter individuell vurdering er det mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om slik godskriving. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.
Emne | 2020 Haust | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | 30 | |||
Sum | 30 | 30 | 30 | 30 |
Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå sensor
- Heiltid, Samlingar
- Varigheit 4 semester (2 år)
- 120 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:
- Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.
- Bestått minimum dei tre første åra av grunnskulelærarutdanninga
- Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.
- Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.
- Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.
Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.
Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi tillegg med 1 poeng per 30 stp. inntil 90 stp. Totalt maks 3 poeng.
Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for utanlandske studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest - høgare nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.
- Studieplan
Søknadskode : 4384