Skuleretta samfunnsfag

Skuleretta samfunnsfag 2

Vidareutdanning (bachelornivå)

Studiet bygger på studieprogrammet skuleretta samfunnsfag 1 og gir ei vidare fordjuping i sentrale tema for samfunnsfaget i skulen. Studiet tek opp tema som demokrati og medborgarskap med eit særleg fokus på skulen sitt mandat for demokratisk utvikling. Studiet legg og vekt på kunnskap om globale samfunnsutfordringar, urfolksproblematikk og likestilling i utvida forstand. Det blir også ei fordjupning i samfunnsfaget som vitskapsfag og skulefag og på ny forsking i samfunnnsdidaktikk. Studiet passar for deg som underviser på trinna 5-10. 

Studiet er delfinansiert med studieavgift. Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne). Skuleretta samfunnsfag 2 har emna Demokrati og samfunnsfag i skulen og Globale samfunnsutfordringar. 

 

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

  • Studieplan

Studieinnhald

Dette vidareutdanningstilbodet bygger på Samfunnsfag 1, og vektlegg i større grad djupnelæring. Det vil seie at det blir lagt stor vekt på å utvikle studentane si evne til å trekke linjer og bruke kunnskap på forskjellige måtar. Særleg i fokus er evna til å bruke teoretisk kunnskap i praktiske undervisningssituasjonar. 

Emna i Samfunnsfag 2 gir større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Emna opnar og for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen.  

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på Internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Vi nyttar Canvas som digital læringsplattform. Canvas vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. Du får tilgang til eit eige rom i Canvas for emnet så snart du er semesterregistrert. Sjå meir om dette her.

Aktuelle yrke og vidare studium

Gjennomført Samfunnsfag 1 & 2 kvalifiserer studentane til opptak ved HVO sin erfaringsbaserte masterutdanning for lærarar, med fordjuping i samfunnsfag.

Studieplan

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 2 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Om studiet

Dette vidareutdanningstilbodet bygger på Samfunnsfag 1, og vektlegg i større grad djupnelæring. Det vil seie at det blir lagt stor vekt på å utvikle studentane si evne til å trekke linjer og bruke kunnskap på forskjellige måtar. Evne til å bruke teoretisk kunnskap i praktiske undervisningssituasjonar er særleg sentralt i emnet. Gjennomført Samfunnsfag 1 & 2 kvalifiserer studentane til opptak ved HVO sin erfaringsbaserte masterutdanning for lærarar, med fordjuping i samfunnsfag.

Emna i Samfunnsfag 2 gir større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Emna opnar og for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen.         

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • Djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • Djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
  • Djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • Djupnekunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar knytte til statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • Djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
  • Djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
  • Innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar synet på kjønn seksualitet og kjærleik
  • Kunnskap om økonomiske strukturar, makt og marknad
  • Djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • Kunnskap om didaktikk for den fleirkulturelle skulen
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis
  • Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • Arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • Legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i studiet
  • Legge til rette for gode læringsprosessar i den fleirkulturelle skulen
  • Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis
  • Legge til rette for undervisning som fremmar kritisk refleksjon om tematikkane i emnet
  • Finne og vurdere kjelder og skrive ei sjølvstendig akademisk oppgåve
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • Legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål
  • Stimulere til kritisk tenking og kreativitet hos elevane
  • Bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen
  • Legge til rette for at elevane kan reflektere kritisk over spørsmål som gjeld globale samfunnsutfordringar
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er delfinansiert med studieavgift. 

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Nærare informasjon om arbeidskrav og eksamensform er tilgjengeleg i emneplanane. 

Navn: 
Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift
Kostnader

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Ansvarleg
Margit Ystanes, e-post: margit.ystanes@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 3923

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt