Vidareutdanning (bachelornivå)

Skuleretta samfunnsfag 1

Deltid, Nettstudium

Praktisk informasjon

Studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 1 er retta mot undervising i grunnskulen trinn 5-7, medan Skuleretta samfunnsfag 2 rettar seg mot undervising på 8-10. trinn. 

Skuleretta samfunnsfag 1 har 2 delar: 

  • SRS101N Skuleretta samfunnsfag: Natur og samfunn i Noreg (haust) 

  • SRS102N Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (vår) 

Studiestart i haustsemesteret er medio august, medan studiestart i vårsemesteret er tidleg i januar. Detaljert semesterplan vert gjort tilgjengeleg i Canvas ved studiestart. 

Arbeidskrav/eksamen 

Det er til samen 8 obligatoriske arbeidskrav på dei to emna. I tillegg kjem eksamen. Arbeidskrav må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen. Semesterplanen og detaljar om innlevering av oppgåver finn du i Canvas  ved semesterstart.   

SRS101N (haust):  

  • Tekst på 1500-1800 ord over oppgitt tema geografi 
  • Tekst på 1500-1800 ord over oppgitt tema historie 
  • Tekst på 1500-1800 ord over oppgitt tema samfunnskunnskap 
  • Skriftleg prøve frå pensum 
  • Mappeeksamen 

SRS102N (vår): 

  • Tekst på 900-1200 ord over oppgitt tema geografi  
  • Tekst på 900-1200 ord over oppgitt tema historie 
  • Tekst på 900-1200 ord over oppgitt tema samfunnskunnskap 
  • Skriftleg heimeeksamen  6 timar  

Eksamensplanane for Høgskulen i Volda finn du her.   

Pensum  

Pensumliste for hausten 2019 finn du i det digitale pensumsystemet Leganto. Dersom du allereie no ynskjer å lese pensum kan det vere lurt å starte med å lese desse utdraga: 

  • Aarre, T., Børhaug, K, og Christophersen, J. (2014) Introduksjon til samfunnskunnskap. Oslo, Samlaget. Aktuelle sider finn du i pensumlista. 
  • Eidsvik, E. (2019) Verda og vi. Oslo, Samlaget. Aktuelle sider finn du i pensumlista. 

Elles er fagdidaktikken fin å byrje med, då denne ligg i botn for all undervisning i emna.  

 

Undervisningsstad

Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på Internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Vi nyttar Canvas som digital læringsplattform. Canvas vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, drøftingar, forum for studiehjelp, med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne.  

Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. 

Du får tilgang til eit eige rom i Canvas for emnet så snart du er semesterregistrert. Sjå meir om dette her. 

Annan informasjon

Studiet er delfinansiert med studieavgift. Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Sentrale tema i studiet blir forholdet mellom natur og samfunn, korleis arbeide med elevane si forståing av fortid, notid og framtid, demografi og berekraftig utvikling, likestilling og toleranse. Gjennom arbeidet vil du bli kjend med faga sine metodar og eigenart som vitskapsfag og skulefag, og gjennom det didaktiske perspektivet få utvida og tatt i bruk eigne erfaringar frå klasserommet og skulen. 

Stengt for søking

Søknadskode : 3922

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Studieinnhald

Samfunnsfaget i skulen skal mellom anna stimulere elevane til å forstå og reflektere om samfunnet rundt seg, til å bli aktive samfunnsborgarar i eit demokratisk samfunn og bidra til elevane si identitetsutvikling. Dette studiet er retta mot deg som er ferdig utdanna lærar og ønskjer vidareutdanning i samfunnsfag som undervisingsfag. Studiet skal gi ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket, m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv. 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på Internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Vi nyttar Canvas som digital læringsplattform. Canvas vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, drøftingar, forum for studiehjelp, med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne.

Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til.

Du får tilgang til eit eige rom i Canvas for emnet så snart du er semesterregistrert. Sjå meir om semesterregistrering her. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Elisabeth Teige

Studieplan

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium m/avgift

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
70
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Samfunnsfaget i skulen skal mellom anna stimulere elevane til å forstå og reflektere om samfunnet rundt seg, til å bli aktive samfunnsborgarar i eit demokratisk samfunn og bidra til elevane si identitetsutvikling. Dette studiet er retta mot deg som er ferdig utdanna lærar og ønskjer vidareutdanning i samfunnsfag som undervisingsfag. Studiet skal gi ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket, m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv. 

Sentrale tema i studiet blir forholdet mellom natur og samfunn, korleis arbeide med elevane si forståing av fortid, notid og framtid, demografi og berekraftig utvikling, likestilling og toleranse. Gjennom arbeidet vil du bli kjend med faga sine metodar og eigenart som vitskapsfag og skulefag, og gjennom det didaktiske perspektivet få utvida og tatt i bruk eigne erfaringar frå klasserommet og skulen. 

Studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 1 er retta mot undervising i grunnskulen trinn 5-7, medan Skuleretta samfunnsfag 2 rettar seg mot undervising på 8-10. trinn. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om naturgrunnlaget, geologi, klima, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt
  • kunnskap om barn og unges historieforståing og historiebruk
  • kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • kunnskap om dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane
  • bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
  • kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i samfunnsfag
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking hos elevane
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • reflektere over eigen praksis i møte med samfunnsfaget
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er delfinansiert med studieavgift. 

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Nærare informasjon om arbeidskrav og eksamensform er tilgjengeleg i emneplanane. 

Kostnader

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Ansvarleg
Elisabeth Teige, telefon: 70075295 epost: elisabeth.teige@hivolda.no