Vidareutdanning (bachelornivå)

Skuleretta samfunnsfag 1

Deltid, Nettstudium

Vidareutdanninga er primært retta mot lærarar i grunnskulen eller studentar i lærarutdanninga som ønskjer undervisningskompetanse i skulefaga geografi, historie og samfunnskunnskap. 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4082

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studentane skal få kompetanse til å lære og forstå meir om samspelet mellom menneske, grupper og samfunn i ulike tidsepokar og i ulike deler av verda. Det vert sett fokus på samspelet / konflikten mellom natur og samfunn. Høgaktuelle tema er demokrati, menneskeverd, bærekraftig utvikling, likestilling og toleranse. Studentane får høve til å tileigne seg ulike didaktiske metoder for å kunne fremme elevane si læring i faget.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på Internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Vi nyttar Canvas som digital læringsplattform. Canvas vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, drøftingar, forum for studiehjelp, med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Det kan inngå som valfritt emne i ulike bachelorgradar.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Elisabeth Teige

Studieplan

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium (vår)

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
80
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Dette studiet inviterer til å lære og forstå meir om samspelet mellom menneske, grupper og samfunn i ulike tidsepokar og ulike deler av verda og samspelet/konflikten mellom natur og samfunn. Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, menneskeverd, bærekraftig utvikling, likestilling og toleranse og er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle ei lærarrolle som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

· har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk

· har kunnskap om naturgrunnlaget, geologi, klima, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt

· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til den andre verdskrigen, og til ungdoms historieforståing og historiebruk

· har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår

· har kunnskap om sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra

· har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi

· har kunnskap om dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking

· har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar

· har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse

Ferdigheiter: 

Studenten

· kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget

· kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising

· kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn

· kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget

· kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane

· kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy

· kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag

· kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa

Generell kompetanse: 

Studenten

· kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane

· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking

· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv

· kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg

· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn

Organisering og arbeidsmåtar: 

Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv.

Studiet er eit nettstudium.

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Canvas) vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Kostnader: 

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Anna: 
Studiet er delfinansiert med studieavgift.Studiet er for nettstudentar som gjennomfører det ved å nytte internett som kommunikasjonskanal.Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Elisabeth Teige, telefon: 70075295 epost: elisabeth.teige@hivolda.no