Mastergrad

Samfunnsplanlegging og leiing

Heiltid, Samlingar

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste utdanningsinstitusjonen i landet, ei mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. I studiet vert det lagt vekt på å knyte teori og praksis saman, og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.

Stengt for søking

Søknadskode : 4331

Innblikk

Karen Longva Buset

For Karen Longva Buset er det viktig å hjelpe andre. Vi besøkte vår tidlegare masterstudent på jobb ved Medi 3 og heime på garden.

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging og offentleg leiing som politisk styrte prosessar med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling. Det vert tatt utgangspunkt i at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er eit reiskap for utøving av slik leiarskap. Behova i samfunnet blir meir og meir samansette, og offentleg sektor må difor framstå som meir samordna. Saman med privat og frivillig sektor må offentleg sektor bidra til meir samhandling, og saman med brukarar/borgarar bidra til meir samskapte og tilpassa tenester. Gjennom studiet  opparbeider du evne til å knyte saman kunnskap og handling i analysar og refleksjon. Du får eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing og planlegging i samfunn og organisasjonar.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, administrasjon og organisasjonsvitskap og økonomi og administrasjon.

2. Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

3. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

4. Ein kan søkje einskildemne i masterstudiet dersom ein har minst tre år høgare utdanning.

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i utlandet, og du kan få hjelp til å finne aktuelle studium.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet. Undervisninga er tilrettelagt både for heiltids- og deltidsstudentar. Emne på 15 studiepoeng går over eitt semester med tre vekesamlingar på fire til fem undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Canvas. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med Master i samfunnsplanlegging og leiing har du ei solid og spesialisert utdanning med vekt på utøving av leiarskap og samfunnsansvar gjennom systematiske planprosessar. Studiet er spesielt eigna for personar med profesjonsutdanningar som no sit i leiarstillingar. Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde. Fullført mastergrad kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram, som kan leggje grunnlaget for ein karriere som forskar.

Vil du bruke utdanninga i skulen, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Kontakt

Programansvarleg: Bjarte Folkestad, bjarte.folkestad@hivolda.no, tlf. 7007 5022

Studiekoordinator: Gunnvor Bakke, gunnvor.bakke@hivolda.no, tlf. 7007 5227

Praktisk informasjon

Under finn du praktisk informasjon om dei ulike emna knytt til master i samfunnsplanlegging og leiing. 

IPA 301 Regional utvikling og planlegging

Samlingar haust 2019: veke 35, 41 og 46.
Måndag er sjølvstyrt studiedag for førebuing, kollokvia og avtalt rettleiing. Tysdag-fredag er det organisert undervisning. 

Pensumliste for IPA301 hausten 2019 finn du her. 

IPA 304 Leiing og personalutvikling

Samlingar haust 2019: veke 37, 42 og 47.
Måndag er sjølvstyrt studiedag for førebuing, kollokvia og avtalt rettleiing. Tysdag-fredag er det organisert undervisning. 

Pensumliste for IPA304 hausten 2019 finn du her. 

POL 301 Politikk, helse og livsløp - Overordna perspektiv

Samlingar haust 2019: veke 38 og veke 44. Begge samlingane er over to dagar (onsdag og torsdag).

Pensumliste for POL301 hausten 2019 finn du her. 

IPA 307 Forskingsmetode og vitskapsteori, IPA 308 Masteroppgåve 30 stp. og IPA 309 Masteroppgåve 45 stp.

Samlingar haust 2019: veke 36, veke 43 og veke 48. 

Pensumliste for "Forskingsmetode og vitskapsteori" hausten 2019 finn du her. 

IPA302 Prosessleiing og prosjektdesign

Samlingar vår 2020: veke 3, veke 9 og veke 14. Måndag er studiedag til førebuing. Organisert undervisning vert gitt tysdag til og med fredag.

IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon

Samlingar vår 2020: veke, 2, veke 7 og veke 13. Organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag. I tillegg kjem ei repetisjonssamling på to dagar.

POL302: Politikk, folkehelse og livsløp - samhandling

Samlingar vår 2020: veke 5 og veke 16. 

Undervisningsstad

Høgskulen i Volda.

Annan informasjon

Før kvar samling blir det lagt ein timeplan for samlinga i Canvas-rommet, med lesetips til samlinga m.m.

Pålogging Canvas (klikk her).

Studieplan

Samfunnsplanlegging og leiing (heiltid)

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, administrasjon og organisasjonsvitskap og økonomi og administrasjon.

2. Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barneverspedagog, sosionom og barnehagelærar.

3. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Opptak til avsluttande oppgåveemne:

Alle studentar på masterstudiet må søkje opptak til dei avsluttande emna Forskingsmetode og vitskapsteori (IPA307) og Masteroppgåve (IPA308/309). Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane må ha C eller betre på dei obligatoriske emna. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C’ar tilbod inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).

Om studiet

Formålet med studieprogrammet er å bidra til at aktørar i samfunnet samarbeider meir på tvers av nivå, sektor og profesjon for å oppnå nye problemforståingar og problemløysingar som på ei betre måte tilfredsstiller samfunnet sin behov for heilskapleg praksis. Planlegging og leiing blir rekna som viktige verktøy for å oppnå dette. Masteroppgåva skal vurderast etter vitskaplege kriterium og oppgåva skal dokumentere at studenten kan arbeide metodisk  og sjølvstendig  med relevante problemstillingar.  Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Fullført studieprogram  gir høve til å søke doktorgradsprogram.

Studiet tek utganspunkt i at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling, og at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kapasitetsbyggande prosessar. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. Planleggar og leiar er ofte noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståingar og problemløysingar. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.

Studiet legg vi vekt på å knyte saman teori og praksis og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studentane på programmet er ei blanding av folk med ferske bachelorgrader og folk med både lang utdanning og praksis. Vidare har studentane ulike utdanningar og representerer ulike profesjonar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing m.m.. På den måten oppnår ein at dei erfarne bidreg med relevant praksis og dei med ferske bachelorgrader bidreg med innsikt i nye teoriar og modellar. I sum gir dette grunnlag for kritisk refleksjon over kunnskap, ferdigheiter, handlingar og haldningar og dermed ein meir kompetent praksis som planleggar og leiar.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
  • forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling
  • sjølvstendig og kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til sjølvstendig å

  • knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
  • drive vitskapleg forsking 
  • skrive større og mindre oppgåver
  • forstå og formidle forsking
Generell kompetanse

Studenten skal kunne å

  • sjølvstendig reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla
  • erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 stp. Emna Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, Offentleg leiing og kommunikasjon (IPA303), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (IPA307), 15 stp og Masteroppgåve (IPA308), 30 stp eller Masteroppgåve (IPA309), 45 stp, er obligatoriske.

Dersom studenten vel å skrive masteroppgåve på 45 stp, blir den valfrie delen av studiet 30 stp. Ein kan velje dei valfrie emna frå ein meny av førehandsgodkjende emne, eller søke om å få godkjend andre emne. Høgskulen kan setje sperre mot einskilde emne med fagleg overlapping. Tilbodet av valfrie emne ved Høgskulen i Volda kan variere frå år til år. Høgskulen er ikkje bunden til å gi tilbod om alle valfrie emne kvart studieår.

Det er høve til å lage individuelle utdanningsplanar ved å få godskrive og fagleg godkjent tidlegare/anna utdanning på masternivå. Ved oppstart lagar studenten ein utdanningsplan for studiet ved høgskulen som syner kva for emne mastergraden skal innehalde (valfrie emne, godskriving av anna utdanning som erstatning for obligatoriske emne, utlandsstudium m.m.) og framdrifta av studiet (heiltid, deltid, rekkefølgje på emne m.m.).

Undervisninga er tilrettelagt både for deltids- og heiltidsstudium. Undervisninga på 15-studiepoengsemna er organisert med tre vekesamlingar fordelt på eitt semester. Undervisninga på 30/45-studiepoengsemna er normalt organisert med fem til seks vekesamlingar fordelt på to semester. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og heiltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid.

Det blir lagt stor vekt på å kombinere førelesingar med dialog, seminar, gruppearbeid, praktiske øvingar og andre studentaktive læringsformer. Arbeidsoppgåver mellom samlingar inngår i evalueringa. Studentar kan i stor grad arbeide med eigne tema og arbeidsoppgåver. E-mail, web-program m.m. vert aktivt brukt for å følgje opp og rettleie studentar.

Vurderingsformene er lagt nær opp til arbeidsformer i praksisfeltet. Det vil seie mykje bruka heimeoppgåver der studentane har tilgang til pensumet og der dei både skal gjere greie for teoriar og omgrep, men også vise at dei kan bruke desse til å forstå og forbetre praksis. I vurderinga er det sjølvstendige drøftingar og refleksjonar som skal vektleggast.

Når det er samlingar i Volda, vil Studentsamskipnaden for Sunnmøre normalt kunne tilby studenthyblar.

Om godskriving og fagleg godkjenning (jf. UH-lova §3-5)

Relevante emne på mastergradnivå frå høgskulen eller andre utdanningsinstitusjonar kan godskrivast som obligatoriske emne (desse må våre tilnærma lik våre emne) og valfrie emne. Når det gjeld søknader om godskriving av utdanning frå andre høgskular og universitet, krev vi at studentane legg fram dokumentasjon frå den aktuelle institusjonen om det faglege innhaldet.

Fullført Samplan (30 stp) gir innpassing av emna IPA301 Regional planlegging og utvikling (15 stp) og IPA302 Prosessleiing og prosjektdesign (15 stp)

Det valfrie emnet LIH301 Ledelse i helse - og sosialtjenesten blir gitt i samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane i Molde, Volda og Ålesund,  er førehandsgodkjent for innpassing i mastergraden med 30 stp i den valfrie delen.

Tidlegare utdanning ved IPAS - etter oppgradering til masternivå: Studentar som har fullført masteremnet Regional planlegging og utvikling medan dette var på 30 stp, vil få fritak frå det obligatoriske emnet Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, og emnet Prosessleiing i og prosjektdesign (IPA302), 15 stp. Studentar som har fullført masteremnet Offentleg organisering og leiing medan dette var på 30 stp, vil få fritak for det obligatoriske emnet Offentleg organisering og leiing (IPA303), 15 stp, og eitt valfritt 15 stp emne.

Tidlegare utdanning ved IPAS - før oppgradering til masternivå: Tidlegare studentar ved HVO som har fullført vidareutdanningar som 10-vekttalseiningar og som etter 2000 er oppgraderte til mastergradnivå, kan få godskrive desse i mastergraden. Dette gjeld vidareutdanningane Regional planlegging og utvikling og Regioplan Nordvest som blir godskrive som valfritt emne med 30 stp i mastergraden. Dei studentane som får slik godskriving, kan grunna fagleg overlapping ikkje velje emnet Prosessleiing og prosjektdesign (IPA302), 15 stp. Vidare gjeld dette vidareutdanningane Leiing for offentleg tilsetje (LOT) og Offentleg organisering og leiing, som også blir godskrive som valfritt emne på 30 stp. 

Utanlandsopphald

Studentar kan søkje om å få godskrive andre emne som dei ønskjer å ta ved høgskular og universitet i andre land. Slike emna må vere på mastergradsnivå. I samband med planlagt utlandsopphald innanfor mastergraden vil høgskulen hjelpe til med å organisere og førehandsgodkjenne utdanning og/eller praksis. 

Lang og relevant praksis 

Studentar med lang og spesielt relevant praksis innan leiing og/eller samfunnsplanlegging og samfunnsarbeid, kan søkje om å få denne godkjend som valfri del på 15 eller 30 stp. I slike tilfelle får studenten i oppgåve å lage ein eigen praksisrapport som vurderer eige arbeid i ein teoretisk og metodisk samanheng. 

Navn: 
Master i samfunnsplanlegging og leiing, heiltid
Emne2019 Haust2020 Vår2020 Haust2021 Spring
1. STUDIEÅR
15
15
Valemne, sterkt tilrådde
1515
 
1515
 
15
 
1515
 
15
Andre valemne:
 
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går ved Høgskolen i Molde studieåret 2019/2020, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde.
1515
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna:
 
15
 
1515
 
15
 
1515
 
15
2. STUDIEÅR
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA308/IPA309.
1530
15
 
Vel anten IPA308 eller IPA309. Val av IPA308 krev 45 stp. valfrie emne og val av IPA309 krev 30 stp. valfrie emne.
 
30
 
1530
Internasjonalisering

Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.

Anna
Alle emna med unntak av Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 eller 45 stp), kan takast som frittståande vidareutdanningar. For dei som berre tek emne som vidareutdanningar, blir gitt karakterutskrifter.
Ansvarleg
Professor Dr. Roar Amdam, tlf. 70 07 51 24, e-post: ram@hivolda.no