Mastergrad

Samfunnsplanlegging og leiing - erfaringsbasert

Deltid

Nytt erfaringsbasert masterprogram i Samfunnsplanlegging og leiing, som rettar seg mot planleggarar, leiarar og andre som har praksis, og som ønskjer å styrke sin kompetanse gjennom teoretisk skulering og refleksjon over eigen arbeidssituasjon.

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 90

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

Masterprogrammet gir deg ei solid og spesialisert utdanning med vekt på utøving av leiarskap og samfunnsansvar, gjennom systematiske planprosessar med brei deltaking, dialog, refleksjon og læring. Du skal skrive ei masteroppgåve der du kritisk reflekterer over eigen praksis. Det erfaringsbaserte programmet er elles likt med den vitskaplege masteren i Samfunnsplanlegging og leiing (120 studiepoeng).

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i samlingar, og det er lagt stor vekt på å kombinere førelesingar med dialog, seminar, gruppearbeid m.m. Studentane skal også i stor grad arbeide med eigne tema og arbeidsoppgåver. E-post og læringsplattformen Canvas m.m., vert aktivt brukt for å følgje opp og rettleie studentar. Når det er samlingar i Volda, vil Studentsamskipnaden for Sunnmøre normalt kunne tilby studenthyblar.

Studentar kan søkje om å få godskrive andre emne som dei ønskjer å ta ved høgskular og universitet i andre land. Slike emne må vere på mastergradsnivå. I samband med planlagt utlandsopphald innanfor mastergraden, vil høgskulen hjelpe til med å organisere og førehandsgodkjenne utdanning og/eller praksis.

Aktuelle yrke og vidare studium

Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde.

Dei som har fullført det erfaringsbaserte masterprogrammet, kan seinare skrive ei forskingsbasert masteroppgåve, og på den måten bli kvalifisert til opptak på doktorgradsprogram.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Roar Amdam

Gunnvor Bakke