Fordjupingsstudium

Rettleiings- og mentorutdanning 2

Deltid, Samlingar

Rettleiings- og mentorutdanning 2 er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring som skal vere praksislærar eller rettleiar for nyutdanna.

Stengt for søking

Søknadskode : 4114

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust Vår

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar i barnehagen og i grunn- og vidaregåande opplæring, i tillegg til å bidra til å styrke kvaliteten i grunnutdanninga si praksisopplæring gjennom kvalifisering av praksislærarar. Det har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Studentane får innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling.

Sentrale tema som kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing vert vidareført frå Rettleiing og mentorutdanning 1. Det vert vidare lagt vekt på korleis rettleiing og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap kan nyttast som støtte for utvikling av profesjonsidentitet og yrkesrolle.

Opptakskrav

1. Fullført barnehagelærar-/førskulelærar- eller lærarutdanning 

2. Fullført Rettleiing-og mentorutdanning 1 (15 stp).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet går over 2 semester. Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis eller nyutdanna lærarar i barnehage og skule.

Kontakt

Kontaktperson: Emneansvarleg Kari Pauline Longva telefon 70075433 longvaka@hivolda.no

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

Velkomne til MNT202.

Det vert samling følgande dagar:

Haust 2020

16. og 17. september,

11. og 12. november,

Vår 2021

27. og 28. januar,

17. og 18. mars

Tidsramme onsdagar 12:15-17:00 og torsdagar 09:15-15:00

Samlingsinformasjon/Samlingar

Innhaldet i emne MNT 202 omhandlar ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing som utgangspunkt for kompetanseutvikling. Tema kommunikasjon, samspel og dilemma knytt til etikk, autoritet og makt i rettleiing vert vidareført frå MNT 201. Studiet har eit særleg fokus på yrkesrolla i barnehage og skule i lys av endringar i organisasjon og samfunn. Utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap er også sentralt. Studiet rettar seg inn mot kollektive læringsprosessar og nyttar nasjonal og internasjonal forsking knytt til rettleiing som grunnlag for kompetanseutvikling.

Undervisningsstad

Oppstartsstad Høgskulen i Volda. 

Orientering om rom og timeplan vert lagt ut i august. Om det vert endringar på grunn av koronasituasjonen, vil de få melding om dette.

Annan informasjon

Emneplan og pensumliste finn du på Høgskulen i Volda sine heimesider.

https://www.hivolda.no/emne/MNT202

Studieplan

Rettleiings- og mentorutdanning 2, oppstart vår

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Studentane må ha godkjent førskule/barnehagelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskule/barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. 

Om studiet

Målgruppa for studiet er førskule/barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også mot rettleiing av kollegaer og elevar/barn. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
 

Nasjonale føringar

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD, 2010) og retningsliner for ny barnehagelærarutdanning (KD, 2011) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. 

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
  • studentar, nyutdanna og  nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
  • rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  •  nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
  •  planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
  •  støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing 
  • ha ei kritisk haldning til eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
  • kunne analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • ha grunnleggande forståing for rettleiing i som grunnlag for eigenutvikling og organisasjonsutvikling
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar.

Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2, oppstart vår
Emne2021 Vår2021 Haust
7.57.5
Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes

Last ned studiet som PDF