Fordjupingsstudium

Rettleiing / Mentorutdanning 2

Deltid, Samlingar

Rettleiing / Mentorutdanning er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring som skal vere praksislærar eller rettleiar for nyutdanna.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4114

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar i barnehagen og i grunn- og vidaregåande opplæring, i tillegg til å bidra til å styrke kvaliteten i grunnutdanninga si praksisopplæring gjennom kvalifisering av praksislærarar. Det har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Studentane får innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling.

Sentrale tema som kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing vert vidareført frå Rettleiing og mentorutdanning 1. Det vert vidare lagt vekt på korleis rettleiing og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap kan nyttast som støtte for utvikling av profesjonsidentitet og yrkesrolle.

Opptakskrav

Studentane må ha godkjend førskulelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskulelærar eller lærar. I tillegg er det krav om gjennomført Rettleiing-og mentorutdanning 1 (15 stp).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet går over 2 semester. Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis eller nyutdanna lærarar i barnehage og skule.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Gerd Sylvi Steinnes

Studieplan

Rettleiings- og mentorutdanning 2

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Studentane må ha godkjent førskule/barnehagelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskule/barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. 

Om studiet: 

Målgruppa for studiet er førskule/barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også mot rettleiing av kollegaer og elevar/barn. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
 

Nasjonale føringar: 

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD, 2010) og retningsliner for ny barnehagelærarutdanning (KD, 2011) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. 

Læringsutbytte: 

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
  • studentar, nyutdanna og  nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
  • rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne:

  •  nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
  •  planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
  •  støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing 
  • ha ei kritisk haldning til eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar
Generell kompetanse: 

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
  • kunne analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • ha grunnleggande forståing for rettleiing i som grunnlag for eigenutvikling og organisasjonsutvikling
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar.

Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2
Emne2018 Haust2019 Vår
7.57.5
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Gerd Sylvi Steinnes