Fordjupingsstudium

Rettleiing / Mentorutdanning 1

Deltid, Samlingar

Rettleiing / Mentorutdanning 1 er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar og kollegaer elles i barnehagen og i grunn- og vidaregåande opplæring, i tillegg til å styrke kvaliteten i grunnutdanninga si praksisopplæring.

Closed for application

Søknadskode : 4014

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Studieinnhald

Studiet gir innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis og for nyutdanna lærarar og i kollegiet elles.

Opptakskrav

Førskulelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskulelærar eller lærar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis og kollegaer i barnehage og skule.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Gerd Sylvi Steinnes

Studieplan

Rettleiings- og mentorutdanning 1

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Studentane må ha godkjent førskule/barnehagelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskule/barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring.  

Om studiet: 

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule, og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.

Nasjonale føringar: 

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga ( KD, 2010) og retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD2011) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. 

Læringsutbytte: 

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar: 

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
  • korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skule og barnehage
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike strategiar og verkty for rettleiing
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • utøve etiske vurderingar i samanheng med rettleiing
  • støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing 
Generell kompetanse: 

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre innafor fagområdet og gjennom dette medverke til nytenking og utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar

Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1
Emne2017 Haust2018 Vår
7.57.5
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
-Gerd Sylvi Steinnes