Fordjupingsstudium

Religion, livssyn og etikk, fordjupingsstudium

Deltid, Heiltid

Praktisk informasjon

Fordypningsstudiet i Religion, livssyn og etikk (200-emnene) kan du ta både som campus- og nettstudent.

I fordypningsstudiet på campus er det to valgemner, ett som går på høsten og ett på våren (henholdsvis REL207 og REL206). Emnet REL212 som er fordypningsoppgave i religion og livssyn (BA-oppgave) kan du ta enten på høst eller vår.

For nettstudiene i høstsemesteret (REL207 og REL212 er det oppstart i e-læringsverktøyet Canvas. Der får du informasjon om kursene ved semesterstart i august. Vi har samlinger på campus der vi har seminarer, normalt tre samlinger i semesteret. I tillegg vil undervisning, informasjon, utdeling og innlevering av oppgaver foregå i Canvas. 

Så snart semesterplan og andre detaljer blir klart i løpet av sommeren, så legges det ut i Canvas. Fram til det, så anbefaler vi at du kan se nærmere på emneplanene og pensumlistene som er tilgjengelige på nettsidene til HVO.

Velkommen som student til et spennende og utbytterikt studieår.

Kunnskap om mangfaldet innanfor religion, kultur og livssyn er viktig og aktuelt i vår tid. Kompetanse på dette fagfeltet er først og fremst etterspurd i skulen og i kyrkja. Men også innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar om og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle dette.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4236 (heiltid/deltid)

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet har eit obligatorisk og eitt valfritt emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Obligatorisk emne: Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn
  • Valfritt emne: Livssynmarknad og livssynsdebatt (haust) eller Spiritualitet før og no (vår)

Det valfrie emnet må takast før eller parallelt med fordjupingsoppgåva.
Du kan ta emna på heiltid (eit semester) eller deltid (to semester)

Opptakskrav

Årsstudium i religion, livssyn og etikk (60 eller 50 studiepoeng i KRL/RLE) eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, seminarsamlingar, og innleveringar. Plan for seminarsamlingar og leksjonar, samt fristar for innlevering av oppgåver vert kunngjort ved semesterstart. Les meir om arbeidskrav, vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet kompetanse i undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og RE-faget i den vidaregåande skulen. Det kan innpassast i ulike bachelorgradar, til dømes Bachelor i religion og livssyn ved Høgskulen i Volda.

Studieplan

Religion, livssyn og etikk (fordjupingsstudium)

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk - fordypning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Deltid
Opptakskrav: 

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk eller tilsvarande.

Om studiet: 

I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Studiet består av eit valfritt emne (REL206 eller REL207) og eit obligatorisk (REL212) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 
  • utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk
Ferdigheiter: 
  • har evne til å tileigna seg ny kunnskap innan dei valde emna og fagområde
  • kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
Generell kompetanse: 
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studenten vel eit av dei valfrie emna Spiritualitet før og no (REL206) eller Livssynsmarknad og livssynsdebatt (REL207), i tillegg til emnet Fordjupingsoppgåve (REL212). Studiet kan gjennomførast på eitt eller to semester (heiltid eller deltid).

Navn: 
Religion, livssyn og etikk, fordjuping, oppstart haust
Emne2018 Haust2019 Vår
1515
NB! REL212 kan takast både i haust- og vårsemester
Valemne
 
15
 
15
Navn: 
Religion, livssyn og etikk, fordjuping, oppstart vår
Emne2019 Vår2019 Haust
1515
NB! REL212 kan takast både i vår- og haustsemester
Valemne
 
15
 
15
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Knut-Willy Sæther, tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no