Årsstudium

Religion, livssyn og etikk, årsstudium

Heiltid

Praktisk informasjon

RLE årsstudium inneheld fire emne, kvar på 15 studiepoeng. Våren 2019 går desse emna REL113 Tru og tradisjon og REL116  Populærkultur, livstolking og undervisning. Informasjon om innhald i dei ulike emna, arbeidskrav og vurderingsordningar finn du i Studieplanen. Emna går parallelt gjennom semesteret.

Undervisninga er planlagt slik: REL113 og REL116 på måndag, tysdag og torsdag dei fleste vekene. Atterhald om endringar. Detaljerte semesterplaner blir tilgjengelege i e-læringsverktøyet Canvas ved semesterstart. Undervisninga startar 7. januar og er obligatorisk.

Eksamensdatoar for våren 2019 finn du her

Pensumlister for REL113 og REL116 finn du her (snart).

Frå 12.desember til og med 1. febr. 2019 kan du som har fått plass på studiet semesterregistrere deg for våren 2019. Registreringa gir deg mellom anna tilgang til Canvas der du finn meir detaljert informasjon og planar for studiet.

Sjå nyttig informasjon om semesterstart og registrering på nettsidene våre.

Programansvarleg: Ralph Meier, epost: ralphm@hivolda.no 

 

Annan informasjon

Undervisninga i RLE årsstudium er obligatorisk.

Årsstudium i Religion, livssyn og etikk gir deg grunnleggande kunnskapar om religionar, kultur, livssyn, etikk og filosofi. Studiet gir formell kompetanse i formidling av desse fagfelta, og kan i kombinasjon med anna utdanning kvalifisere for yrkeskarriere innanfor skuleverket, helsesektoren, media og kyrkja. I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i RLE-faget i grunnskulen og faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4135

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Som student ved årsstudiet, skal du få kunnskapar om og innsikt i religiøse tekstar, historia til kristendomen, andre religionar og livssyn og korleis desse tradisjonane står fram i dag. Det vert i tillegg lagt vekt på å gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga ved årsstudiet varierer mellom førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Du får tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret, der vi besøker skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte).
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. 
 

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i Religion, livssyn og etikk kan i kombinasjon med anna utdanning kvalifisere for jobb innanfor mange sektorar, til dømes skuleverket, helsesektoren, media og kyrkja. Studiet gir undervisningskompetanse i RLE-faget i grunnskulen og faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring som del av ei lærarutdanning. Emna i årsstudiet kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i Religion og livssyn

Kontakt

Bente Afset

Studieplan

Religion, livssyn og etikk, årsstudium

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet for undervisning i KRLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Studiet gir innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i årsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar: 

Studenten skal etter endt studium 

  • ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
  • ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
  • har kunnskap om religionsfaget i norsk skule
Ferdigheiter: 

Studenten skal 

  • ha analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttrykk
  • ha evne til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn
  • ha evne til å uttrykkje kunnskapen skriftleg og munnleg
Generell kompetanse: 

Studenten skal

  • ha grunnleggjande digital kompetanse
  • kunne reflektere sjølvstendig over spørsmål knytt til fleirkultur og fleirreligiøitet
  • ha evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig i andre studium og i arbeidslivet

 

Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet består av fire obligatoriske emne. REL111, REL112, REL113 og REL116.

Det vert tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret der ein vitjar skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte). Sjå emneplan for REL112.

Undervisninga har form av førelesingar, seminar, gruppearbeid. Ulike arbeidskrav er knytt til kvart enkelt emne. Undervisinga er obligatorisk.

 

Navn: 
Religion, livssyn og etikk, årsstudium, oppstart haust
Ansvarleg: 
Bente Afset, tlf. 70075107, e-post Bente.Afset@hivolda.no