Årsstudium

Religion, livssyn og etikk, årsstudium

Heiltid

Årsstudium i Religion, livssyn og etikk gir deg grunnleggande kunnskapar om religionar, kultur, livssyn, etikk og filosofi. Studiet gir formell kompetanse i formidling av desse fagfelta, og kan i kombinasjon med anna utdanning kvalifisere for yrkeskarriere innanfor skuleverket, helsesektoren, media og kyrkja. I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i RLE-faget i grunnskulen og faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring.

Stengt for søking

Søknadskode : 223 196

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2019

Studieinnhald

Som student ved årsstudiet, skal du få kunnskapar om og innsikt i religiøse tekstar, historia til kristendomen, andre religionar og livssyn og korleis desse tradisjonane står fram i dag. Det vert i tillegg lagt vekt på å gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga ved årsstudiet varierer mellom førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Du får tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret, der vi besøker skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte).
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. 
 

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i Religion, livssyn og etikk kan i kombinasjon med anna utdanning kvalifisere for jobb innanfor mange sektorar, til dømes skuleverket, helsesektoren, media og kyrkja. Studiet gir undervisningskompetanse i RLE-faget i grunnskulen og faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring som del av ei lærarutdanning. Emna i årsstudiet kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i Religion og livssyn

Kontakt

Bente Afset

Praktisk informasjon

RLE årsstudium inneheld fire emne, kvar på 15 studiepoeng. Høsten 2019 går desse emna REL111 Bibelen - Tekst og tolking  og REL112 Religion og livssyn. Informasjon om innhald i dei ulike emna, arbeidskrav og vurderingsordningar finn du i Studieplanen. Emna går parallelt gjennom semesteret.

Undervisninga i REL111 og REL112 skjer på måndager, tysdager og torsdager dei fleste vekene. Atterhald om endringar. Detaljerte semesterplaner blir tilgjengelege i e-læringsverktøyet Canvas ved semesterstart. Informasjonsmøte om studiet er 20. august kl. 1400 for både REL 111 og  REL 112 Strøm 242 . Første undervisningsøkt er for REL 111 måndag 26. august kl. 0815-1000 på Kaa 110, og for REL 112 same dag kl. 1315-1500 på Kaa 306Undervisninga i studiet er obligatorisk.

Eksamensdatoar for våren 2019 finn du her

Pensumlister for REL111 og REL112 finn du her

Frå 1.august til og med 1. september 2019 kan du som har fått plass på studiet semesterregistrere deg for hausten 2019. Registreringa gir deg mellom anna tilgang til Canvas der du finn meir detaljert informasjon og planar for studiet.

 

Sjå nyttig informasjon om semesterstart og registrering på nettsidene våre her

Programansvarleg: Hildegunn Valen Kleive, epost: ralphm@hivolda.no 

 

Annan informasjon

Undervisninga i RLE årsstudium er obligatorisk.

Studieplan

Religion, livssyn og etikk, årsstudium

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet for undervisning i KRLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Studiet gir innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i årsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal etter endt studium 

  • ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
  • ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
  • ha kunnskap om religionsfaget i norsk skule
Ferdigheiter

Studenten skal 

  • ha analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
  • ha evne til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn
  • ha evne til å uttrykkje kunnskapen skriftleg og munnleg
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha grunnleggjande digital kompetanse
  • kunne reflektere sjølvstendig over spørsmål knytt til fleirkultur og fleirreligiøsitet
  • ha evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig i andre studium og i arbeidslivet

 

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire obligatoriske emne: REL111, REL112, REL113 og REL116.

Det vert tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret der ein vitjar skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte). Sjå emneplan for REL112.

Undervisninga har form av førelesingar, seminar, gruppearbeid. Ulike arbeidskrav er knytt til kvart enkelt emne. Undervisninga er obligatorisk.

 

Navn: 
Religion, livssyn og etikk, årsstudium, oppstart haust
Ansvarleg
Ralph Meier, tlf. 70075144, e-post ralphm@hivolda.no