Vidareutdanning (bachelornivå)

Religion, livssyn og etikk 30 stp.

Deltid, Heiltid

Årsstudium i religion, livssyn og etikk passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Studiet gir formell kompetanse og innsikt i formidling av desse fagfelta.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4035

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendommen, andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. 

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester). Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • REL 111 Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112 Religion og livssyn
  • REL 113 Tru og tradisjon
  • REL 116 Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. For eksamensordning, sjå emneplanar.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen. Som vidareutdanninga kan studiet også vere aktuelt for yrkesgrupper i helsesektoren, media og i kyrkja.

Studiet kan innpassast i årsstudium religion, livssyn og etikk.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Jostein Garcia de Presno

Studieplan

Religion, livssyn og etikk 30 stp

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Emna kan godskrivast i ulike bachelorgrader.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal etter endt studium

  • ha grunnleggjande kunnskapar om kristendomens historie 
  • ha grunnleggjande kunnskap om etikk og filosofi
  • ha grunnleggjande kunnskap om religionsdidaktikk
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • analystisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttykk
  • evne til å uttrykkje kunnskapen skriftleg og munnleg  
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne reflektere sjølvstendig og kritisk over spørsmål knytt til fleirkultur og fleirreligiøsitet
  • kunne reflektere sjølvstendig over religions- og livssynsspørsmål
  • ha generell digital kompetanse
Organisering og arbeidsmåtar

Studenten vel to av emna etter eige val. Studiet kan gjennomførast på heiltid over eitt semester, eller på deltid over to semester. Undervisninga er obligatorisk.

I emnet REL 112 Religion og livssyn blir det tilbod om ein ekskursjon til London (i haustsemesteret). Der vitjar ein skular og ulike religiøse samfunn. Ekskursjonen har atterhald om nok påmeldte.

Navn: 
Religion, livssyn og etikk 30 stp, oppstart haust
Emne2019 Haust2020 Vår
Studenten skal velje to av emna.
1515
 
15
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Ralph Meier, tlf. 70075144, e-post ralphm@hivolda.no