Religion, kultur og samfunn

Årsstudium

Studiet passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk.

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig.

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg og er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn.

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust vår
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Studieinnhald

Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:

  • Religion og livssyn I (haust 22)
  • Religion, media og populærkultur (haust 22)
  • Religion og livssyn II (vår 23)
  • Religion og samfunn (vår 23)
  • Intercultural understanding (vår 23)

Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. 

For lærarar som tek studiet som vidareutdanning og som ønskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II, som gir innføringskunnskap på fagfeltet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. For eksamensordning, sjå emneplanar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor. I kombinasjon med ei lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Oppmøte ved felles studiestart er 16. august kl. 11.00 ved Berte Kanutte huset, store scene. Informasjonsmøte om årsstudiet er kl. 12.30 på Kaarstad 208. Dette møtet er felles både for de som tar REL 151 og de som tar REL153. Etter dette møtet kommer fadderne tilbake.

Første undervisning med REL 151 er 18.08. fra 0830-1015 på rom BK 157. Ellers blir undervisning i REL 151 holdt på mandager og tirsdager mellom 0830 og 1230. Flere av tirsdagene er studiedager der studentene vil jobbe med oppgaver.

Første undervisning med REL 153 er 18.08. fra 1030-1215 på rom BK157. Ellers blir undervisningen i REL 153 holdt på torsdager mellom 0830 og 1230. Onsdager er studiedager der studentene vil jobbe med oppgaver.

Pensum

Pensumlister for REL151 og REL153

Studieplan

Religion, kultur og samfunn, årsstudium, oppstart haust

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn, årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i årsstudium i Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.  

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar
  • om religionar, livssyn, etikk og filosofi.   

  • om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet  

  • om religions- og livssynskritikk  

  • om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn  

  • om heilage tekstar og religiøse praksisar  

  • om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen   

Ferdigheiter

  • analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk   

  • evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål   

  • evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg   

Generell kompetanse
  • kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk  

  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt  

  • kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng   

  • kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk  

 

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fem emne der studentane vél fire av dei. Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.  

Navn: 
Religion, kultur og samfunn, årsstudium, oppstart haust
Emne2022 Haust2023 Vår
15
15
Studentane skal velje to av tre emne i vårsemesteret
30
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Hildegunn Valen Kleive, tlf. 70075096, e-post hildegunn.kleive@hivolda.no
  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust vår
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Søk frå 1. november

Søknadskode : 4135

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt