Religion

Religion, kultur og samfunn

Vidareutdanning (bachelornivå)

Studiet passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Det er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor, til dømes i innanfor skuleverket, helsesektoren, media og i ulike trus- og livssynssamfunn.

Du får kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendommen andre religionar og livssyn. Religions- og livssynsmangfaldet i Noreg i dag er også ein viktig del av studiet.

Vidareutdanninga er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester). 

  • Deltid, Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Studieinnhald

Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:

  • Religion og livssyn I (haust 21)
  • Religion og populærkultur (haust 21)
  • Religion og livssyn II (vår 22)
  • Religion og samfunn (vår 22)
  • Intercultural understanding (vår 22)

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. For eksamensordning, sjå emneplanar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor. I kombinasjon med ei lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen. 

Studiet kan godskrivast i Årsstudium i religion, kultur og samfunn.

Studieplan

Religion, kultur og samfunn 30 stp

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn 30 stp
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Studenten vel to av dei fem emna som tilbys. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. Dei ulike emna i studiet  Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.  

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal etter endt studium ha kunnskap 

  • om religionar, livssyn, etikk og filosofi.   
  • om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet  
  • om religions- og livssynskritikk  
  • om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn  
  • om heilage tekstar og religiøse praksisar  
  • om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen   
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk   
  • evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål   
  • evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg   
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk  
  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt  
  • kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng   
  • kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk  
Organisering og arbeidsmåtar

Studenten vel to av emna etter eige val. Studiet kan gjennomførast på heiltid over eitt semester, eller på deltid over to semester. Undervisninga er obligatorisk.

Det blir gitt tilbod om ein ekskursjon til London.  Der vitjar ein skular og ulike religiøse samfunn. Ekskursjonen har atterhald om nok påmeldte.

Navn: 
Religion, kultur og samfunn 30 stp, oppstart haust
Emne2021 Haust2022 Vår
Studentane skal velje eitt av to emne i haustsemesteret
1515
 
15
 
15
Studentane skal velje eitt av tre emne i vårsemesteret
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Hildegunn Valen Kleive, tlf. 70075096, e-post hildegunn.kleive@hivolda.no
  • Deltid, Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 4035

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt