Religion, kultur og samfunn, opne emne

Vidareutdanning (bachelornivå)

Kunnskap om religionar og livssyn er viktig i dagens fleirkulturelle samfunn.

Studiet gir grunnleggande kunnskap om religionar, livssyn, etikk og filosofi, i tillegg til innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Det er relevant for mange yrkesgrupper, til dømes innanfor skule-, kultur og helsesektoren.

  • Deltid, Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit Inntil 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan

Studieinnhald

Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som ønskjer å ta 30 studiepoeng, rår ein til emna Religion og livssyn I og II. Desse emna gir innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.

Studiet har følgjande emne:

  • Religion og livssyn I (15 stp)
  • Livstolking og populærkulturen (15 stp)
  • Religion og livssyn II (15 stp)
  • Religion og samfunn (15 stp)

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og i RE-faget i den vidaregåande skulen. Vidareutdanninga er også aktuell for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og kyrkje- og kulturliv.

Emna i studiet gir grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium, og kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Oppstart 17. august.

Når studentane har registrert seg vil dei finne det dei treng av opplysningar i Canvas.

Pensum

Pensum til emna Rel151N og Rel153N finner du her

Studieplan

Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i nettstudiet Religion, livssyn og etikk kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar
  • om religionar, livssyn, etikk og filosofi.  

  • om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet 

  • om religions- og livssynskritikk 

  • om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn 

  • om heilage tekstar og religiøse praksisar 

  • om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen  

Ferdigheiter

 

  • analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk  

  • evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål  

  • evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg  

Generell kompetanse
  • kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk 

  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 

  • kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng  

  • kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk 

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas.  

Navn: 
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium (oppstart haust)
Emne2021 Haust2022 Vår
Studentane kan ta emna kvar for seg eller i ulike kombinasjonar
3030
 
15
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Ralph Meier T: 70 07 51 44 E: ralphm@hivolda.no
  • Deltid, Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit Inntil 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 4268

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt