Vidareutdanning (masternivå)

Prosessleiing og prosjektdesign

Deltid, Samlingar

Studiet er retta mot planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Har du ny profesjonsutdanning innanfor fagfeltet, vil også utdanninga vere godt eigna. Studiet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Utviklingskompetanse AS.

Studiet vert opna for søking seinare.

Stengt for søking

Søknadskode : 4358

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Studieinnhald

Studiet tek utgangspunkt i studentane sine planproblem knytt til utviklingsarbeid/prosjekt i samfunn og organisasjonar. Målet er å gi kompetanse i korleis ein kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse planproblem. Les meir i emneplan her

 

 

 

 

Opptakskrav

180 stp høgare utdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er samlingsbasert, og det er lagt stor vekt på gruppearbeid med metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i utfordringar og planproblem som deltakaren sjølv har.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir etterspurt og relevant kompetanse til yrkesgrupper i offentleg eller privat sektor med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling. Studiet vert godskrive i Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Roar Amdam