Programmering i skulen

Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanninga gir deg god kjennskap til programmering på ulike nivå i heile grunnskulen, og du får høve til å fokusere på ønska klassetrinn og fag, som gir deg eit trygt fundament som programmeringslærar. Emnet er tilpassa LK20. 

Som student vil du få tett fagleg oppfølging og tilbakemeldingar, samt moglegheiter for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Heile studiet vert publisert samla i starten av semesteret og du kan så jobbe deg gjennom innhaldet i eige tempo. Det er ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. 

Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift.

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår

    Løpande opptak til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Studieinnhald

Studiet gir deg innføring i:
- problemløysing ved å dele opp eit problem i mindre bitar (algoritmisk tenking)
- programmering gjennom leik, utan datamaskin (unplugged programmering)
- enkel digital programmering (blokkprogrammering)
- korleis lage enkle fysiske produkt (robotar og annan elektronikk)
- programmering med tekst

Les meir i emneplan her.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert gjennom ein kombinasjon av nettleksjonar, øvingar og prosjektoppgåver. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåvene vil vere praksisnære, og relaterte til læring og formidling.

Pensum

Pensumlister finner du her

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår

    Løpande opptak til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Søk studieplass!

Søknadskode : 3928

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt