Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga
Vidareutdanning (bachelornivå)
Målet med studiet er å bidra til at studentane kan vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og digitale verktøy i matematikkundervisinga.
Studentane skal mellom anna få kompetanse til å vurdere korleis ulike digitale verktøy på best mogleg måte kan brukast i undervisninga. Endringar i matematikkfaget sett i høve til den digitale utviklinga og kva kompetanse ein matematikklærar treng, er også ein viktig del av studiet.
Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift.
- Deltid, Nettstudium, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 15 studiepoeng
- Start haust
Løpande opptak til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er nettbasert, bortsett frå ei obligatorisk samling i Volda. Kvar nettleksjon vert avslutta med ei lita innleveringsoppgåve knytt til dei temaa vi arbeidar med. Dette kan mellom anna vere ein liten videosnutt der ein løyser ei oppgåve med digitale hjelpemiddel, eit skjermbilete med forklaring eller ein kort refleksjon.
Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i matematikkfaget i skulen. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer.
Studiet startar i månadsskiftet september/oktober, og har eksamensinnlevering i løpet av april.
Eksamen:
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med tre refleksjonsoppgåver (levert inn og fått rettleiing undervegs i studiet) saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksta på om lag 1000 ord skal studenten presentere refleksjonsoppgåvene og arbeidet med desse.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er svært aktuelt for lærarar innanfor matematikkfaget, og er retta mot praktisk bruk og utvikling av ulike digitale verktøy i undervisninga.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Vi skal ha ei samling over to dagar:
Mandag 24. oktober klokka 12.15 - 18.00
Tirsdag 25. oktober klokka 09.00 - 15.00
Studieplan
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring
- har undervisningskunnskap om, og i bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
- har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
- har kjennskap til og undervisningskompetanse om algoritmisk tenking i matematikkopplæringa i grunnskulen
Studenten
- kan anvende kunnskap i bruk av eit utval digitale verktøy i matematikkundervisninga
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av programmering og andre digitale verktøy og ressursar i undervisninga
- kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar som reiskap for å tilrettelegge undervisninga
- kan ta i bruk programmering og andre digitale verktøy og ressursar i vurdering av elevane sitt læringsutbytte
- kan bruke programmering og algoritmisk tenking i matematikkundervisninga
Studenten skal
- kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av programmering og digitale verktøy i undervisinga
- utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av programmering og digitale verktøy i matematikk
Emnet er nettbasert med ei obligatorisk samling i Volda (på to dagar). (Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen. Nettleksjonane vert gitt i høgskulen si gjeldande læringsplattform (per i dag Canvas).
Emnet i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Studiet inneheld ikkje eigen praksis.
Studiet har ei studieavgift på kr. 4 000,-
- Deltid, Nettstudium, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 15 studiepoeng
- Start haust
Løpande opptak til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.
- Studieplan
Søknadskode : 4606