Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Programmering 1, 1. - 7. årssteg

Deltid, Nettstudium

Studiet er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering, og skal gi kompetanse i programmering og didaktikk, for å kunne undervise i grunnskulen. Det vert fokusert på visuelle programmeringsspråk og koding med ulike fysiske objekt relevant for eigen praksis. 

Vidareutdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2019

Studieinnhald

Du skal få kompetanse til å planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervising på fagfeltet, samt kunne nytte ulike verktøy til programmering. Vidare skal du kunne grunngi kvar, kvifor og korleis programmering kan nyttast i ulike fag. I studiet vil det også bli fokusert på samfunnsperspektivet og etiske vurderingar. Dei overordna programmeringsfaglege område er koding og modellering. Desse områda heng tett saman og du vil mellom anna jobbe med modellar og koding både åleine og i grupper. 

Opptakskrav

Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning og rettleiing er nettbasert. Sidan studentane på studiet er lærarar i skulen, vert utprøving og progresjon integrert i eigen praksis og tilpassa skulane sine årsplanar.

Kontakt

Fagleg kontaktperson:  Kim Andre Refvik