Vidareutdanning (bachelornivå)

Profesjonsfagleg digital kompetanse

Deltid, Nettstudium

Vi lever i eit spesialisert samfunn og den teknologiske utviklinga går fort. I skuleverket vert det stilt stadig høgre krav til læraren sett i høve til planlegging av læring og undervisningsmåtar. Studiet har eit særleg fokus på utvikling av læraren sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse og læringsnettverk. I undervisninga vert det lagt vekt på tett fagleg oppfølging, diskusjonar og moglegheit for samarbeid både individuelt og i grupper. 

Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 3929

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse er utgangspunkt for studiet. Fagfornyinga og krav til læraren står sentralt. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk, men også å ta i bruk kompetansen barn og unge kan bidra med i læringsarbeidet. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing og sosiale medium er sentrale tema. Det same er digital didaktikk og korleis vurdere ulike ressursar og verktøy for læring. Les meir i emneplanen her.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert nettbasert (også eksamen).

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:

Jarle Hauge Steffenssen

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

Første nettleksjon er tilgjengeleg i slutten av august. For å få tilgang må semesteravgift vere betalt, og du må vere registrert som student. Du vil då få tilgang til Canvas, der all informasjon blir lagt ut.

Samlingsinformasjon/Samlingar

Det er ikkje samlingar i dette emnet.

Annan informasjon

Pensumliste vil bli publisert på nettsidene i løpet av mai


Last ned studiet som PDF