Vidareutdanning (bachelornivå)

Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar

Deltid

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2018 ei samlings- og nettbasert vidareutdanning for yrkesfaglærarar, der målet er å auke den profesjonsfaglege digitale kompetansen.

Studiet er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar». 

Stengt for søking

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist 01.05.2018

Studieinnhald

Studiet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. 

Emnet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse (IKT-senteret, mai 2017). 

Studiet er bygd opp av fire like store modular og gir totalt 15 stp over eit år:

  • Modul 1: Digital lærarprofesjonalitet - om lærarrolla og læringsdesign i teknologirik opplæring (hausten 2018)
    Delemnet har fokus på kva som ligg i omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse, korleis utøving av lærarrolla blir påverka og utfordra i teknologirike klasserom og opplæring, og korleis legge til rette for læring med digitale ressursar.
  • Modul 2: Skulen i det digitale samfunnet - elevane sin mediekultur i møte med skule og samfunnet (hausten 2018)
    Delemnet har fokus på rammene for utøving av lærarprofesjonalitet i krysningspunktet mellom samfunnskrav og elevforståing, med utgangspunkt i planverk og i elevane sin mediekultur, og korleis arbeide med motivasjon og tilpassing av opplæringa med elevane sin mediekompetanse som ressursar.
  • Modul 3: Etikk, digital dømmekraft og nettvett (våren 2019)
    Delemnet har fokus på kunnskap om digital dømmekraft i høve til nettjuss i læringsarbeid, nettvett, arbeid med digital mobbing, sosiale medier og digital studieteknikk. 
  • Modul 4: Fagdidaktisk bruk av digitale ressursar og læringsnettverk (våren 2019)
    Delemnet har fokus på å utvikle kunnskap om og ferdigheiter i nyttige digitale ressursar i eigne fag og bruk av læringsnettverk i arbeidet med å ta i bruk digitale ressursar i eigen praksis og i vidareutvikling av eigen praksis. 

Opptakskrav

Godkjend lærarutdanning (PPU eller yrkesfaglærar).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet vil verte organisert med totalt 15 studiepoeng, fordelt over to semester (7,5 studiepoeng på kvart) på deltid. Det er lagt opp til to samlingar kvart semester, med utstrekt bruk av nettbasert rettleiing og oppfølging mellom samlingane. Emnet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) samlingar med kunnskapsdeling og praktisk utprøving, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisnings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i emnet skal dele sine utviklingsarbeid med sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider gjennom obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart delemne.

Arbeidskrav

Emnet har mappeeksamen. Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeidskrava frå studiet. Konkrete arbeidskrav knytt til dei fire delemna vil vere knytt til eigenarten i dei fire modulane og studentgruppa si faglege innretting. Grunna den raskt pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil det praktiske arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.

Samlingar hausten 2018:

  • Torsdag 6. september kl 16.00-20.00 (modul 1) - Workshop i Volda
  • Torsdag 13. september kl 16.00-18.00 (modul 1) - Samarbeidstid digitalt
  • Torsdag 1. november kl 16.00-20.00 (modul 2) - Workshop i Volda
  • Torsdag 8. november kl. 16.00-18.00 (modul 2) - Samarbeidstid digitalt