Kompetanse for kvalitet

Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar (Borgund VGS)

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2019 ei nettbasert vidareutdanning for yrkesfaglærarar, der målet er å auke den profesjonsfaglege digitale kompetansen. Studiet vert tilbod Borgund VGS.

Studiet er ein del av regjeringa si satsing "Yrkesfaglærarløftet - for framtidas fagarbeidarar".

Stengt for søking

Søknadskode : 4601

Info og frister

Varigheit 3 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist 21.06.2019

Studieinnhald

Studiet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfagleg digital kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane, må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar.

Emnet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse. 

 

Opptakskrav

Godkjend lærarutdanning (PPU eller yrkesfaglærar).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet gir totalt 15 studiepoeng, fordelt over tre semester (5 studiepoeng på kvart) på deltid. Emnet har ei veksling mellom 1) nettleksjonar med individuelle oppgåver, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisnings- og opplæringspraksis, 3) samarbeid på skulen og via læringsplattforma.

Arbeidskrav

Emnet har mappeeksamen. Studenten leverer ei digital mappe i læringsplattforma med alt arbeidet frå alle tre semestera.