Vidareutdanning (bachelornivå)

Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk

Deltid, Nettstudium

Ny teknologi og samfunnsendringar krev at skulen og barnehagen utviklar seg og at lærarrolla utviklar seg parallelt. Studiet har eit særleg fokus på utvikling av eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse og læringsnettverket du treng for å halde deg oppdatert.

Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

Stengt for søking

Søknadskode : 3929

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Studieinnhald

Samfunnet blir meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetanse enn tidlegare. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing og sosiale medier er sentrale tema. Les meir i emneplan her.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert nettbasert (også eksamen).

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:

Jarle Hauge Steffenssen