Vidareutdanning (masternivå)

Politikk, folkehelse og livsløp - Samhandling

Deltid, Samlingar

Praktisk informasjon

Studiet har samling i veke 38 med oppstart kl 10.00 måndag den 17. september.

Undervisningsstad

Aasen 108.

Sjå elles i undervisningsplana som du vil finne i Canvas etter registrering.
 

Annan informasjon

Studiet nyttar e-læringsverktyet Canvas til informasjon, utlegging og innlevering av arbeidskrav osv.

I emneplanane kan du lese om arbeidskrava, vurderingsforma ol.

Delar av pensumlitteraturen verte tilgjengeleg i kompendium. Desse vil du finne som lenker på emneromma i Canvas.

Dersom du har lyst til å starte med pensumlesinga rår vi til, at du startar med desse:

KUM305:

•Nils A. Butenschøn: Midtøsten. Imperiefall, statsutvikling, kriger, (2008) 


•Berit S. Thorbjørnsrud (red.) De kristne i Midtøsten. Kampen for tilhørighet (2015).

Fullstendig pensumliste finn du her.
 

Du vil finne meir informasjon i Canvas etter at du har registrert deg på emne i Studentweb etter 1. august.

Behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis om planlegging og utforming av tenester. Vidareutdanninga passar for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. Politikk, folkehelse og livsløp vil også vere ei aktuell vidareutdanning for nyutdanna bachelorstudentar.

Stengt for søking

Søknadskode : 4393

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Vår

Studieinnhald

Politikk, folkehelse og livsløp - Samhandling (POL302) skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse og skal gi studentane kunnskap om korleis ein gjennom nytenking og samhandling kan utvikle heilskaplege tenester i offentleg sektor.

Sentrale tema:

  • Politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp
  • Reformer og program i offentleg sektor
  • Samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande nærmiljø og helse- og velferdstenester

Emnet passar for deg som ønskjer:

  • inngåande kunnskap om samhandling og medverknad
  • kunne analysere utviklingstrekk og samfunnsutfordringar i eit langsiktig og breitt helse- og livsløpsperspektiv
  • kunne analysere og utvikle helse- og velferdstenester i samarbeid med brukarar og på tvers av fag, forvaltningsnivå og sektorar
  • kunne medverke til langsiktig og heilskapleg planlegging, og legge til rette for utvikling av gode nærmiljø
  • kunne reflektere over eiga rolle som tilretteleggar for gode livsvilkår
  • kunne medverke til nytenking og utvikling i planlegging og iverksetting av helse- og velferdstenester

Politikk, folkehelse og livsløp - Samhandling (POL302) er eitt av to sjølvstendige emne som til saman utgjer studiet Politikk, folkehelse og livsløp:

Studentar som tek POL301 først vil få eit særleg godt grunnlag for POL302.

Opptakskrav

180. studiepoeng

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som eit deltidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag.

Samlingar: Vekene 5, 10 og 16 (2018).

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er godkjend som valfritt emne både i Master i samfunnsplanlegging og leiing, og i Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering. Emnet har eit fagleg nivå som gjer at det kan innpassast som valfritt emne i mastergrader ved Høgskulen i Volda og ved andre høgskular og universitet.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Inger Marie Okkenhaug