Vidareutdanning (masternivå)

Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv

Deltid, Samlingar

Behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis i planlegging og utforming av tenester.

Vidareutdanninga er retta mot tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. Politikk, folkehelse og livsløp vil også vere ei aktuell vidareutdanning for nyutdanna sosionomar og barnevernspedagogar. 

 

Stengt for søking

Søknadskode : 4392

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Studieinnhald

    Emnet gir kompetanse om samanhengen mellom politikk, folkehelse og livsløp. Politikk handlar om å drøfte og ta stilling til kva samfunn ein vil ha. Livsløpsperspektivet handlar om å forstå korleis samspelet mellom individ og samfunn blir forma, medan planlegging er verktøy som skal bidra til å gi retning på samfunnsutviklinga. Samfunnsutvikling i eit helseperspektiv er sentralt i dette emnet. Les om arbeidskrav og eksamen i emneplanen. 

    Opptakskrav

    Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.).

    Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

    Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Studiet blir gjennomført med to konsentrerte samlingar på høgskulen. Det blir venta at deltakarane driv sjølvstudium og gjennomfører definerte arbeidskrav mellom samlingane. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og utfordringar. Vi bruker e-læringsverktyet Canvas.

    Aktuelle yrke og vidare studium

    Emnet er godkjend som valfritt emne både i Master i samfunnsplanlegging og leiing, og i Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering. 

    Kontakt

    For spørsmål om opptak:
    Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
    eller e-post 

    For faglege spørsmål:
    Randi Bergem - 70 07 52 11
    Finn Ove Båtevik - 70 07 52 13

    Administrative spørsmål:
    Gunnvor Bakke - 70 07 52 27