Mastergrad

Nynorsk skriftkultur

Heiltid, Samlingar

Praktisk informasjon

Studiestart ved Høgskulen i Volda er 14. august. Dette studiet har ikkje informasjonsmøte første studiedag. Det er viktig at du registrerer deg og får tilgang til Canvas før studiestart, der vi vil legge ut meir detaljert informasjon om ulike sider av studiet.

Det blir samlingar i veke 36, 40 og 45. Måndagar og tysdagar i desse vekene køyrer vi kurset NYN301 Skriftkultur. Ei innføring; onsdagar og torsdagar i dei same vekene køyrer vi kurset NYN303 Språkvitskap.

 

Annan informasjon

I Canvas får du tilgang til ein semesterplan, som inneheld viktig informasjon om gjennomføringa av studiet. Studie- og emneplanar og pensumlister finn du på www.hivolda.no

Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste i landet Master i nynorsk skriftkultur. Gjennom skrifta formar vi tekstar, og dermed også den kulturen og det samfunnet vi er ein del av. Studiet av nynorsk skriftkultur gjer deg i stand til å forstå korleis dette skjer, og tek for seg skriftkultur generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4310

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

I masterstudiet vert det er lagt vekt på å analysere utfordringar knytte til tileigning, meistring og bruk av språk og tekst og forholdet mellom skriftkultur og samfunn (literacy/literacies), med vekt på nynorskens stilling i fortid og notid. Studiet i nynorsk skriftkultur har tre hovudinnretningar: språk, litteratur og didaktikk, alle med vekt på nynorsk skriftspråk. Med utgangspunkt i tverrfaglege tilnærmingsmåtar, gir studiet ein unik kompetanse for arbeid både i skulen og med anna språkleg og kulturelt arbeid.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til Master i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar.

I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emnet Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna Språkvitskap og Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i Vitskapsteori og metode og Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i nynorsk skriftskultur gir brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Kontakt

For spørsmål om opptak, registrering og tilgang til Canvas: Studentsørvis, studentsorvis@hivolda.no, 70 07 50 18

Faglege spørsmål: stig.helset@hivolda.no 

 

 

Studieplan

Master i nynorsk skriftkultur, heiltid

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Om studiet: 

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi brukar ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer mellom anna for undervisning i skuleverket, for arbeid i forlag, media, fagstillingar ved museum, offentleg og privat kultursektor, kulturadministrasjon og kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten har inngåande kunnskap om

  • historia og situasjonen til den nynorske skriftkulturen 
  • historia til skrift, skriving, og tekstproduksjon gjennom tidene 
  • andre mindre brukte språk og om minoritetskulturar
  • historie og praksis i språknormering
  • historia til den nynorske litteraturen
  • utviklinga av det nynorske skriftmålet gjennom tidene, saman med kunnskap om dei utfordringane som nynorsken står overfor i dag
  • moderne samfunns-, litteratur-, og språkteori 
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  • plassere den nynorske skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader
  • forklare og formidle forholdet mellom ulike skrifttradisjonar og politiske system
  • greie ut om skilnaden mellom skriftleg og munnleg kommunikasjon 
Generell kompetanse: 

Studenten kan

  • analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg
  • vise stor fagleg breidd innanfor språk- og kulturfeltet
  • forstå komparasjon, og arbeide komparativt med eit fagleg stofftilfang
  • formidle ei generell innsikt i utviklinga av kulturen i Vesten
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk 
Organisering og arbeidsmåtar: 

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emna NYN301 Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna NYN303 Språkvitskap og NYN304 Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i NYN302 Vitskapsteori og metode og ULNO303 Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Navn: 
Nynorsk skriftkultur
Emne2018 Haust2019 Vår2019 Haust2020 Vår
Obligatoriske emne
15
15
3030
Valemne (det vert tilbydd to av i alt tre emne kvart studieår)
1515
 
15
 
NYN304 Den nynorske teksten
15
 
1515
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Stig Helset, tlf. 70 07 51 59, e-post stig.helset@hivolda.no