Norsk (nordisk) årsstudium, samlingsbasert
Årsstudium
Årsstudium i norsk (nordisk) gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal få kompetanse til å kunne gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar, samt få gode ferdigheiter i både nynorsk og bokmål.
Gjennom studiet skal du tileigne deg kunnskapar som er naudsynte anten du skal bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der du treng kompetanse i norsk språk og litteratur.
- Heiltid, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Studieinnhald
Du får ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Les meir i studieplanen.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisinga er organisert gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i norsk (nordisk) vert også tilbode som nettstudium.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudium i norsk gir relevant og naudsynt kompetanse anten du skal bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan vere til dømes informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Årsstudiet kan inngå som del av Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiestad for samlingane er Høgskulen i Volda.
Det blir fire samlingar:
1. Veke 34:
NO113S Tekst og struktur: måndag 21.8. og tysdag 22.8.
NO111S Språket som struktur: onsdag 23.8., torsdag 24.8., analyseverkstad fredag 25.8. (3 timar)
2. Veke 38:
NO113S Tekst og struktur: måndag 18.9. og tysdag 19.9.
NO111S Språket som struktur: onsdag 20.9., torsdag 21.9., analyseverkstad fredag 22.9. (3 timar)
3. Veke 43
NO113S Tekst og struktur: måndag 23.10. og tysdag 24.10.
NO111S Språket som struktur: onsdag 25.10, torsdag 26.10., analyseverkstad fredag 27.10. (3 timar)
4. Veke 45 (moglegheit for digital deltaking)
NO113S Tekst og struktur: måndag 6.11.
NO111S Språket som struktur: tysdag 7.11.
Vi brukar læringsplattformen Canvas. Der finn du informasjon om undervisningsrom, arbeidskrav og eksamenar.
Studieplan
Norsk (nordisk) - årsstudium
Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad (t.d. Bachelor i språk og litteratur) og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
- vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
Studenten skal
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv. Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
- NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
- NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
- NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
- NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ikkje praksis knytt til studiet.
- Heiltid, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 210